Hopp til innhald

Albenga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn over Albenga

Albenga er ein by og ein kommune i provinsen Savona i Liguria-regionen i Italia. Kommunen har i kring 24 000 ibuarar og rår over eit areal på 36,5 km². Kystbyen Albenga ligg ved Liguriahavet, på den italienske rivieraen.

Næringslivet er mykje basert på turisme, lokal handel og jordbruk. Albenga består av fem grender; San Fedele, Lusignano, Campochiesa, Leca, Bastia og Salea.