Abeba Aregawi
Abeba Aregawi | |
Statsborgarskap | Etiopia, Sverige |
Fødd | 5. juli 1990 (34 år) Adigrat |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2012 – 1500 meter damer, Juniorafrikamesterskapet i friidrett 2009, Q2813500, 2013 European Athletics Indoor Championships – women's 1500 metres, VM i friidrett 2013 – 1500 meter damer, Diamond League 2013, 2014 IAAF World Indoor Championships – women's 1500 metres, Lag-EM i friidrett 2014, 2014 European Athletics Championships – women's 1500 metres, Diamond League 2014, VM i friidrett 2015 – 1500 meter damer |
Abeba Aregawi Gebretsadik (fødd 5. juli 1990) er ein etiopisk tidlegare mellomdistanseløpar som åra 2013-16 tevla for Sverige. Ho vart verdsmeister på 1500 meter i 2013.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Aregawi representerte heimlandet til og med OL 2012. Ein månad før leikane i London sette ho etiopisk rekord på 1500 meter med 3.56,5. I London-OL enda ho på femteplass etter eit lureløp.
Som svensk borgar vann Aregawi 1500 meter både ved hall-EM 2013 i Göteborg og det store friidretts-VM i Moskva i august same året. I tida mellom dei to meisterskapane forbetra ho den svenske rekorden på 1500 meter til 3.56,6 då ho vann DL-stemnet i Doha den 10. mai. Under europameisterskapen 2014 i Zürich sprang Aregawi inn til sølv på spesialdistansen, klart slått av Nederlands Sifan Hassan, også ho ein utvandrar frå Etiopia.
I 2016 var Aregawi mistenkt for doping. Ein månad føre OL i Rio de Janeiro vart mistanken avvist. Ho valde likevel å flytte til Etiopia og legge opp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 2012 i London: Nr 5 – 4.11,0
- VM 2013 i Moskva: Gullmedalje – 4.02,6, framom Jennifer Simpson (4.02,9)
- EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje – 4.05,0, bakom Sifan Hassan (4.04,1)
- VM 2015 i Beijing: Nr 6 – 4.12,1
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Abeba Aregawi» frå Wikipedia på tysk, den 9. juli 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Abeba Aregawi» (på engelsk). Olympedia. Henta 5. mars 2023.