1919
Utsjånad
1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1919 (romartal MCMXIX) var siste året i 1910-åra. Det blir rekna som mellomkrigstida.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 5. januar: Spartakusopprøret braut ut etter sosialistiske demonstrasjonar i Berlin.
- 11. januar: Romania annekterte Transylvania.
- 13. januar: Spartakusopprøret tok slutt då arbeiderkomiteane i Berlin avblåste generalstreiken.
- 16. januar: Forbodstida i USA tok til etter at det attande tillegget til den amerikanske grunnloven blei vedteke.
- 21. januar: Det første irske parlamentet kom saman i Dublin. Republikken Irland reknar dette som sin grunnleggingsdag.
- 3. februar: Sovjetiske styrkar okkuperte Ukraina.
- 14. februar: Den polsk-sovjetiske krigen braut ut.
- 23. februar: Benito Mussolini grunnla det italienske fascistpartiet.
- 28. februar: Amanullah khan blei konge av Afghanistan.
- 2. mai: Eit kommunistisk opprør i München blei slått ned.
- 3. mai: Amanullah khan gjekk til åtak mot styresmaktene i Britisk India.
- 28. juni: Første verdskrigen. Versaillestraktaten blei underskriven.
- 31. juli: Weimarkonstitusjonen blei innført i Tyskland.
- 19. august: Afghanistan fekk sjølvstende frå Storbritannia.
- 26. september: Matilde Camus, spansk forfattar og lyrikar
- Hanso Schotanus à Steringa Idzerda starta regulær kringkasting frå den Haag i Nederland.
- Namibia blei mandatområde under Sør-Afrikasambandet på oppdrag frå Folkeforbundet.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1. januar: Amta blei døypte om til fylke, og amtmannen blei no kalla fylkesmann.
- 20. juni: Åttetimarsdagen blei lovfesta.
- 5. oktober: Brennevinsforbodet av 1916 fekk fleirtal i folkeavstemning.
- Lerum Fabrikker vart flytta frå den veglause byga Sørheim i Luster til Sogndal, og starta eit industrieventyr i den vesle bygda.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1919.
- 1. januar: Per Håland, norsk journalist
- 5. mars: Helge Seip, norsk politikar og journalist
- 3. mai: Pete Seeger, USA-amerikansk visesongar
- 29. juni: Johannes Heggland, norsk forfattar
- 20. juli: Edmund Hillary, newzealandsk fjellklatrar
- 30. august: Joachim Rønneberg, norsk journalist og soldat
- 8. september: Johan Kvandal, norsk musikar og komponist
- 11. oktober: Art Blakey, USA-amerikansk jazzmusikar
- 17. oktober: Zhao Ziyang, kinesisk statsministar
- 22. oktober: Doris Lessing, britisk forfattar
- 26. oktober: Muhammed Reza Pahlavi, iransk statsleiar
- 4. desember: Lawrence Stone, britisk historikar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 1919.
- 6. januar: Theodore Roosevelt, president i USA og nobelprisvinnar
- 15. januar: Karl Liebknecht, tysk politikar (avretta)
- Rosa Luxemburg, tysk politikar (avretta)
- 22. januar: Carl Larsson, svensk målar
- 29. januar: Richard Bergh, svensk målar
- 12. februar: Harold Gilman, britisk målar
- 10. april: Emiliano Zapata, meksikansk opprørar (fall)
- 16. april: Anders Nicolai Kiær, norsk statistikar
- 30. juni: John William Strutt, britisk fysikar og nobelprisvinnar
- 15. juli: Emil Fischer, tysk kjemikar og nobelprisvinnar
- 9. august: Ernst Haeckel, tysk biolog
- 11. august: Andrew Carnegie, skotsk-amerikansk forretningsmann og filantrop
- 13. oktober: Karl Gjellerup, dansk forfattar og nobelprisvinnar
- 15. november: Alfred Werner, tysk kjemikar og nobelprisvinnar
- 3. desember: Auguste Renoir, fransk målar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>