Ґ
Utsjånad
Det kyrilliske alfabetet | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
А | Б | В | Г | Ґ | Д | Ђ | |||||||
Ѓ | Е | Ё | Є | Ж | Ѕ | З | |||||||
И | І | Ї | Й | Ј | К | Л | |||||||
Љ | М | Н | Њ | О | П | Р | |||||||
С | Т | Ћ | Ќ | У | Ў | Ф | |||||||
Х | Ц | Ч | Џ | Ш | Щ | Ъ | |||||||
Ы | Ь | Э | Ю | Я | |||||||||
Utgåtte teikn | |||||||||||||
Ҁ | Ѹ | Ѡ | Ѿ | Ѻ | Ѣ | ІА | |||||||
Ѥ | Ѧ | Ѫ | Ѩ | Ѭ | Ѯ | Ѱ | |||||||
Ѳ | Ѵ | Ѷ |
Ґ er ein kyrillisk bokstav som vert uttala som G i «gut». Han er den femte bokstaven i det ukrainske alfabetet og i belarusisk klassisk ortografi.[1]
Bokstaven var brukt i eldre ukrainsk og belarusisk ortografi, men under Sovjetunionen vart han erstatta med Г.
I ukrainsk heldt diasporaen (spreidde folkegrupper) fram med å bruke han, og han har vorte gjeninnført i alfabetet etter at Ukraina fekk sjølvstende. Bokstaven har òg vorte føreslått gjeninnført i belarusisk, men det har til no ikkje hendt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bosoni, Jørgen G. (27. januar 2023). «Ґ – kyrillisk bokstav». Store norske leksikon (på norsk).