Rusbrus er drikke med alkohol. Han er omlag like sterk som øl, og det finst mange ulike merke. Som regel inneheld han mykje sukker, og smakar litt som brus.

Lover

I Noreg er det 18 års aldersgrense for å kjøpe og drikke rusbrus.

Rusbrus har opp til 4,7 prosent alkohol, og er lov å selje i vanlege matbutikkar.

Rusbrus i Noreg

I Noreg var det forbode å selje rusbrus fram til 1996. Dei første åra blei han berre selt på Vinmonopolet, fordi ein meinte at det var brennevin.

I 2003 bestemte politikaraneStortinget at han skulle bli lov å selje i vanleg butikk. Det var mange som var imot rusbrus i butikken. Ein trudde fleire ungdommar då kom til å drikke alkohol.

Historie

Alcopop, som rusbrus heiter på engelsk, kjem frå Australia. Det blei populært over heile verda på 1990-talet. Å blande brus og alkohol hadde bartenderar gjort i over hundre år. Då heiter det drink. Det som var nytt, var at ein tappa drinkar på flaske og selde dei i butikken.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Steffensen