Ein dal er ei lang fordjuping, ein sprekk eller eit djupt søkk i landskapet.
Dalar består av botn og sider. Dalar kan ha ulik lengd og form. Dalar som strekkjer seg over eit langt område, med fleire sidedalar, blir kalla eit dalføre.
Ein dal er ei lang fordjuping, ein sprekk eller eit djupt søkk i landskapet.
Dalar består av botn og sider. Dalar kan ha ulik lengd og form. Dalar som strekkjer seg over eit langt område, med fleire sidedalar, blir kalla eit dalføre.
Dalar blir forma på to måtar. Anten ved rørsler og sprekkkar i jordskorpa, eller ved at elvar og isbrear grev seg ned i jordoverflata. Forma på dalane er ulike, avhengig av om dei er forma av ein isbre eller av ei elv.
Ein U-dal har form som bokstaven U, det vil seie at ho har bratte dalsider med ein brei og ganske flat botn. I løpet av Jordas historie har det vore mange periodar med istid og kulde. Då har store område på Jorda vore dekte av tjukk is. U-forma er skapt av isbrear som har bevega seg over eit område, over lang tid.
Under ein isbre frys sand, grus og større steinar fast. Desse skrapar i underlaget som eit sandpapir. Dette er ei form for erosjon. Dersom mykje is bevegar seg nedover det same området, vil det etter kvart bli danna ein U-dal. Kor raskt og djupt erosjonen skjer, er avhengig av kva type bergart som finst der. U-dalane er ofte breie og flate, med ei slak elv, som renn sakte gjennom dalen.
Dalbotnen og elveslettane er ofte næringsrike og ein bra stad for å dyrke jorda. Gudbrandsdalen er eit godt døme på ein U-dal.
Ein V-dal har form som bokstaven V. Dalsidene skrånar bratt ned mot elva, som renn i dalbotnen. V-dalane har blitt forma av erosjon frå elva. Store og små steinar som har rasa ned i vatnet har blitt førte med straumen i elva. Slik har elva grave seg djupare og djupare nedover i dalbotnen.