Faktaboks

Hovudstad
Stockholm
Innbyggjartal
10,5 millionar
Storleik
407 284 km²
Statsform
monarki
Statsoverhovud
kong Carl 16. Gustaf
Språk
svensk
Nasjonaldag
6. juni
Valuta
svensk krone
Flagg
plassering av Sverige på jordkloden. Kart

Sverige (mørkegrønt) ligg i Europa (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Sverige er eit land som ligg nord i Europa. Det grensar til Noreg og Finland. Hovudstaden er Stockholm.

Natur og klima

Plassering av Sverige med naboland rundt, kart.

Sverige og nabolanda

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Nesten ti prosent av Sverige består av innsjøar og elvar. Den største innsjøen er Vänern, som er 5450 km². Over halvparten av landet er dekt av barskog med gran og furu. Det høgaste fjellet er Kebnekaise, som er 2106 meter høgt.

Dyrelivet er ganske likt som i Noreg, men det lever fleire rovdyr, som bjørn, ulv, jerv og gaupe i Sverige. Heilt sør i landet finst det dyr som ikkje lever vilt i Noreg, som til dømes moldvarp, kanin, hasselmus og dåhjort.

Klimaet er ulikt i dei ulike delane av landet. I nord er vintrane kalde med mykje snø. Somrane kan vere varme. Sør i Sverige er klimaet mildare heile året.

Folk og kultur

En dåhjort med store horn står på snø med mørk skog i bakgrunnen. Foto
Dåhjorten er eit vanleg dyr i Sverige. Han trivst best i ope terreng, i nærleiken av skog.
Foto av dådyr.
Av /Shutterstock.

Sverige er det landet i Norden der det bur flest menneske. Dei fleste bur i byar og tettstader. Det bur nesten 2,4 millionar menneske i og rundt Stockholm. Nord i landet bur det derimot ganske få.

Sverige har høg levestandard, og dei fleste lever lenge. Landet har eitt av dei beste systema for velferd i verda.

Alle barn har rett til å gå på skulen frå dei er 6 til 15 år gamle. Dei aller fleste held fram på vidaregåande skule.

Forfattaren Astrid Lindgren og aktivisten Greta Thunberg kjem frå Sverige. Den svenske oppfinnaren Alfred Nobel fann opp dynamitten. Han stifta òg dei kjende Nobelprisane, med nokre av pengane han tente.

Politikk og økonomi

Mange voksne og barn holder hender i en ring rundt en maistang dekket med blomster. Foto
Midtsommaraftan er ei viktig feiring i Sverige. Festen er alltid på ein fredag, mellom 20. og 26. juni. Vener og familie samlast for å ete god mat og danse rundt maistonga.
/Shutterstock.

Sverige er eit monarki med konge som statsoverhovud. Kongen har inga politisk makt. Det er Riksdagen som bestemmer i landet. Riksdagen er det same som Stortinget i Noreg.

Sverige er medlem av FN. Landet har vore medlem av EU sidan 1995. Sverige vart medlem av NATO i 2024.

Sverige tener mykje pengar på industri og å selje varer og tenester til utlandet. Ikea og Volvo er kjende varemerke frå Sverige.

Historie

Sverige vart samla til eitt rike på midten av 1200-talet.

Sverige var med i Kalmarunionen, saman med Noreg og Danmark, frå 1397 til 1521. I 1523 vart Sverige eit eige land og Gustav Vasa vart vald til konge.

Sverige og Noreg var i union frå 1814 til 1905. Det har vore mange krigar mellom Noreg og Sverige, men ingen etter 1814.

Under andre verdskrigen valde ikkje Sverige side, men ville heller vere nøytrale. Dei hjelpte likevel til med å sende mat og hjelpe dei som sat i tysk fangenskap. Dei tok òg i mot flyktningar frå Noreg og Danmark.

Sverige og Noreg 

Sverige og Noreg har samarbeidd tett sidan unionsoppløysinga. Landa kjøper og sel mange varer til kvarandre.

«Svenskehandel» er når dei som bur i Noreg dreg til Sverige for å kjøpe mat, godteri og alkohol fordi det er billigare i Sverige.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør