Ypsilon er den 20. bokstaven i det greske alfabetet (Υ, υ).
I gamalgresk hadde han lydverdien [u], seinare [y]; i nygresk er lydverdien [i].
Ypsilon har verdien 400 i det greske talsystemet.
Ypsilon er den 20. bokstaven i det greske alfabetet (Υ, υ).
I gamalgresk hadde han lydverdien [u], seinare [y]; i nygresk er lydverdien [i].
Ypsilon har verdien 400 i det greske talsystemet.
Kommentarar (2)
skreiv Tor-Ivar Krogsæter
I nygresk kan ypsilon òg ha ljodverdiane [f] og [v], som i til dømes αυτός (uttalt med tilnærma IPA /a'ftos/) og εύρηκα (uttalt /'evrika/). Ein kan kanskje tolke dette som /u/ → /w/ → /β/ og dermed /ɸ/ → /v/ og /f/?
svarte Jørgen G. Bosoni
Ja, i klassisk gresk vart ⟨αυ⟩ og ⟨ευ⟩ uttala [au] og [eu]. Seinare, i koinégresk, gjekk det andre elementet i diftongane over til uttala [w], og so til [β] og seinare [v] i bysantinsk gresk.
Før ustemd konsonant vert [β] og [v] ustemde, dvs. høvesvis [ɸ] og [f]. Men ikkje [ɸ] → [v].
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.