Niger-kongospråk, eller niger-kordofanspråk, er ein språkfamilie i Afrika som omfattar over 1500 ulike språk som i hovudsak blir snakka i eit område frå Senegal og Kenya i nord til Namibia og Sør-Afrika i sør.

Språkfamilien er verdas største rekna etter talet på språk, og som tredje største etter kor mange som snakkar språk som høyrer til familien. Rundt 700 millionar snakkar eit niger-kongospråk.

Inndelinga av familien i undergrupper er sterkt omdiskutert, men i dag er det vanleg å rekne med tre hovudgreiner:

  1. atlantisk-kongo – 1452 språk
  2. kordofansk – 23 språk
  3. mande – 76 språk

Greina atlantisk-kongo kan vidare delast i desse greinene:

  1. atlantisk – 62 språk
  2. ijoid – 10 språk
  3. volta-kongo – 1380 språk

Volta-kongo har desse undergruppene:

  1. benue-kongo – 985 språk
  2. dogon – 19 språk
  3. kru – 40 språk
  4. kwa – 82 språk
  5. nord – 254 språk
    1. adamawa-ubangi – 157 språk
    2. gur – 97 språk

Benue-kongo har desse undergruppene:

  1. akpes – 1 språk
  2. bantoid – 699 språk
  3. Cross River – 68 språk
  4. defoid – 17 språk
  5. edoid – 31 språk
  6. idomoid – 9 språk
  7. igboid – 10 språk
  8. jukunoid – 20 språk
  9. kainji – 58 språk
  10. nupoid – 11 språk
  11. oko – 1 språk
  12. platå – 58 språk
  13. ukaan – 1 språk
  14. uklassifisert – 1 språk

Dei 699 bantoide språka kan vidare delast inn slik:

  1. nordleg – 19 språk
  2. sørleg – 678 språk
    1. beboid – 10 språk
    2. ekoid – 8 språk
    3. jarawansk – 15 språk
    4. mamfe – 3 språk
    5. mbe – 1 språk
    6. trong bantu – 546 språk
      1. sentralbantu – 353 språk
      2. nordvestbantu – 193 språk
    7. ndemli – 1 språk
    8. tikar – 1 språk
    9. tivoid – 17 språk
    10. Wide Grassfields – 67 språk
    11. yemne-kimbi – 5 språk
    12. uklassifiserte – 4 språk

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg