Kongopåfugl er ein stor hønsefugl i fasanfamilien og har naturleg utbreiing i Kongo-Kinshasa.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Afropavo congensis
- Beskriven av
- Chapin, 1936
Vaksne hannar veg rundt 1,4 kilo og hofuglane rundt 1,1 kilo.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog. Kongopåfugl lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.