Nord-Gudbrandsdal er den nordre delen av Gudbrandsdalen og sidedalen frå vest, Ottadalen. Nord-Gudbrandsdal omfattar kommunane Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Skjåk, Lom og Vågå. Regionsenteret er Otta.
Faktaboks
- Også kjend som
-
Norddalen
Regionen utgjer 11 044 kvadratkilometer og har 23 700 innbyggarar (2024). I tiårsbolken 2015–2024 minka folketalet med 4,4 prosent, mot ein auke på 8,5 prosent i heile landet.
Nord-Gudbrandsdal omfattar vesentlege delar av dei tre høgaste fjellområda i Noreg: Jotunheimen, Dovrefjell og Rondane.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.