Faktaboks

Marie Corelli
pseudonym for Mary Mackay
Uttale
kərˈeli
Fødd
1. mai 1855, London, England
Død
21. april 1924, Stratford-upon-Avon, England
Portrett av Marie Corelli

Marie Corelli var ein engelsk forfattar av svært populære romanar frå slutten av 1800-talet og fram til første verdskrigen. I si samtid selde ho betre enn dei fleste, men blei ofte sett ned på fordi ho hadde så folkeleg lesarskare. Men Dronning Victoria og Winston Churchill skal også ha samla på bøkene hennar, så ho nådde breie lag.

Mary Mackay – som ho eigentleg heitte – tok visstnok til å kalle seg Marie Corelli då ho reiste rundt som konsertpianist, og seinare tok ho det italienskklingande namnet i bruk som forfattarpseudonym. Når ho hevda vere i slekt med barokk-komponisten Arcangelo Corelli, er nok dette eit eksempel på at ho skapte si eiga kunstnarmyte.

Frå Finnmark til London

Alt med den første romanen, A Romance of Two Worlds (1886), viste ho den livslange interessa for det okkulte, mystiske og esoteriske. Barabbas (1893) og The Sorrows of Satan (1895) var mellom dei mest kjende titlane.

Ein av romanane legg delar av handlinga til Noreg, som nok var ein eksotisk stad for forfattaren. Hovudpersonen Thelma Guldmar som har gitt namn til Thelma (1887) er ei norsk jente som treff engelskmannen Sir Philip Bruce-Errington i Noreg, men må gjennom fleire vanskar både i London og heime før det heile endar godt. Historia skal vere inspirert av kjærleikshistoria og ekteskapet mellom Philippa Desiree Schwensen frå Øksfjord i Finnmark og den engelske overklassemannen og sjø-offiseren George Temple.

På kino

Thelma og åtte andre av bøkene til Corelli blei opphav til kino-versjonar i den tidlege stumfilmperioden. I nyare tid er filmen Angel (Francois Ozon, 2007) bygd på livet til Marie Corelli, slik det framstår i ei bok av romanforfattaren Elizabeth Taylor. Her spelar Romola Garai rolla som Marie Corelli.

Shakespeare-arven

Mason Croft rundt 1900

Mary Mackay var kjent som ei eksentrisk dame, men gjorde ein stor innsats for å berge historiske bygg i Stratford-upon-Avon for ettertida. Hennar eige hus Mason Croft rommer no The Shakespeare Institute (University of Birmingham) som tek imot studentar, forskarar og gjester som vil studere William Shakespeares liv og verk. Også mange norske studentar har tatt kurs der, og sett framsyningar på dei tre teatra i byen.

Omsetting til norsk

Corellis bøker kom i mange norske utgåver og fleire opplag i hennar eiga levetid, men er seinare stort sett blitt gløymde. Mellom dei norske omsettarane finn vi også ein ung Ronald Fangen.

  • Thelma: en norsk prinsesse: fortælling fra midnatsolens land (1889). Kristiania. Omsett av Charlotte Ingier.
  • Det mægtige Atom (1897), Kristiania: Dybwad. Omsett av 'K.F.H'. (Kathrine Faye-Hansen).
  • Satans fristelser (1897), Trondhjem.
  • Delicia (1898). Kristiana: Cammermeyer. Omsett av 'Spera'.
  • Verdslig Magt (1903). Kristiania. Omsett av Marie Mathisen.
  • Satans sorger (1907), Bergen: Nygaard.
  • Barrabas (1912), omsett av Marie Jørstad.
  • Boy (1914). Kristiania. Omsett av Ronald Fangen.
  • Absinth: Et drama fra Paris (1903 og 1918). Trondhjem: G. Kroghus forlag.
  • Satans sorger (1926). Horten: Johan Sollies Bokhandel. Omsett av Johan Sollie.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ayres, Brenda and Sarah E. Maier (eds), Reinventing Marie Corelli for the Twenty-first Century, London: Anthem Press, 2019.
  • En 'Lady' fra Øksfjord, Altaposten 6. mars 2020, s. 18-19.
  • Federico, Anette, Idol of Suburbia: Marie Corelli and Late Victorian Literary Culture, Charlottesville: University Press of Virginia.
  • Sørbø, Marie Nedregotten (2017) 'Elusive Women Authors in Norwegian Nineteenth-Century Reading Societies', NORA – Nordic Journal of Feminist and Gender Research, Vol. 25(4), 279-295.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg