Brontë-søstrene var tre engelske søstrer, Charlotte, Emily og Anne Brontë, som skreiv romanar og dikt på 1840- og 1850-talet med stor suksess både då og i ettertida. Dei gav først ut ei diktsamling i lag under pseudonyma Currer, Ellis og Acton Bell og i åra etter kvar sine romanar.
Det er uvanleg at tre søstrer gjev ut kvar sin roman same år, som dei gjorde i 1847, og ikkje minst at desse romanane framleis har status som viktige verk i litteraturhistoria. Charlottes Jane Eyre vart fort ein bestselgar. Annes Agnes Grey og Emilys Wuthering Heights vart også godt mottekne, men den siste vart rekna som rar og valdsam. Medan dei to første var skrivne som fiktive sjølvbiografiar av guvernanter, var den siste ei slåande samansetning av forteljestemmer, ein mann og ei kvinne. Nokre meinte romanen var maskulin i form og uttrykk, og enkelte har hevda at den må ha vore skriven av broren Branwell. Charlotte insisterte på at det var Emily sin roman, og det heile er helst eit uttrykk for manglande tiltru til kvinnelege evner.
I åra etterpå gav Anne ut The Tenant of Wildfell Hall (1848), ein feministisk roman om konemishandling og alkoholisme, og Charlotte skreiv Shirley (1849), Villette (1853) og The Professor (1857). Meir rakk dei ikkje, for alle tre døde tidleg, Emily i 1848, Anne i 1849 og Charlotte i 1855.
Søstrene sine liv og verk har også vore framstilt på film og fjernsyn, til dømes i den franske filmen Les Soers Brontë av André Téchiné (1979) og i nyare tid i BBC-dramaet To Walk Invisible (2016). Den handlar om tida rundt dei første bokutgjevingane og Charlottes og Annes reise til London for å avsløre kven som gøymde seg bak dei mannlege pseudonyma. Det vart eit sjokk for forleggarar og lesarar å møte landsens prestedøtrer der dei venta seg viktige menn. Charlotte fekk, som sistlevande søster, ein respektert posisjon i den litterære verda og besøkte London fleire gonger.
Dei tre søstrene var eigentleg halvparten av ein søskenflokk på seks, men dei to eldste søstrene, Maria og Elizabeth, døde i tiårsalderen. Den einaste broren i flokken var Branwell Brontë.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.