Presens er ei form av verbet som blir brukt for å uttrykkje at ei utsegn gjeld notida, som i setninga Han er sjuk i dag. Dette er i motsetnad til blant anna verbforma preteritum, som uttrykkjer at utsagnet gjeld fortida: Han var sjuk i går. Slike verbformer er eksempel på tempus.
Notida inneber ei overlapping med tidspunktet då utsegna blir ytra, men kan variere sterkt i lengd, frå det som berre gjeld ein augeblink til noko bortimot uavgrensa:
- Der headar Utland ballen frå feltet og i mål!
- Dei sit og et middag, så vi får vente litt.
- Det regner i dag.
- Per og Kari er på ferie i Spania denne veka.
- Marius arbeider som omsetjar.
- Ali er norsk.
- Noreg og Sverige ligg ved sida av kvarandre.
- Kvalen er eit pattedyr.
- Jorda er rund.
- Universet utvidar seg.
Som i andre germanske språk kan presens også brukast om framtida:
- Ha det, ser deg i morgon!
Historisk presens er bruk av presens om fortidige forhold, oftast for å gjere framstillinga meir levande og nær:
- Det norske laget får nytt mot når Carew skårar.