Foto av politklinikk
Inngangen til infeksjonsmedisinsk poliklinikk på Ullevål.
Foto av politklinikk
Av /NTB.

Poliklinikk er ein helseinstitusjon som behandlar pasientar utan at dei er innlagt på sengepost.

Faktaboks

Etymologi
av gresk polis, ‘by’, og kline, ‘seng’

Poliklinikk blir til vanleg mest nytta om institusjonar som tek i mot pasientar til spesialisert undersøking eller behandling etter tilvising frå allmennlege.

Sjølv om poliklinikkar tradisjonelt har vore knytte til sjukehus, er ikkje dette noko krav.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg