Torgeir Berge
Torgeir Berge | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. februar 1897 |
Død | |
Yrke | politikar, agronom |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Torgeir Andreas Berge (17. februar 1897–30. april 1973) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Fusa i Hordaland. Han representerte Vestfold og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1950 til 1961.
Berge var son til ein gardbrukar. Frå 1913 til -16 arbeidde han i industrien og på anlegg. Etter å ha vorte agronom frå Stend jordbruksskule i 1918, var han mellom anna i arbeid på gardar i Kvam og i Fana. Frå 1921 til 1926 forpakta han prestegarden i Arna. Der etter var han styrar ved Sandar kommunale gardsbruk til 1950.
Berge var medlem i Sandar heradsstyre frå 1945 til 1955. Ved stortingsvalet hausten 1949 vart han vald til å representere Vestfold og Arbeidarpartiet på Stortinget. Sidan vart han attvald i dei neste to stortingsvala. Han var medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen 1950-57 og i Landbrukskomiteen 1958-61.
Berge var formann i Sandefjord og Sandar mållag 1936-46 og styreformann i Sandar kommunale mølle 1945-49. Seinare var han styreformann 1957-69 i Direktoratet for Statens skogar.