Statsadvokat
Utsjånad
Statsadvokat er nemninga på embetsmenn i påtalemakta med utdanning som juristar, og som har som arbeidsoppgåve å vere aktor i større eller på anna vis meir viktige straffesaker, det vil seie å føre slike straffesaker for domstolane på vegner av påtalemakta. I Noreg og Danmark er påtalemakta integrert i politiet, og statsadvokatane er leiarar av politiets etterforskning av alvorlege brotsverk, og overordna politiet i påtalespørsmål.
Tittelen statsadvokat eller tilsvarande nemning på andre språk er nytta i fleire land om dei tilsvarende stillingane. Ordet statsadvokat vert difor vanlegvis nytta som ei omsetjing til norsk av stillingsnemningar som til dømes district attorney i USA, og Staatsanwalt på tysk.
Statsadvokatembeta i Noreg og dei underliggjande politidistrikta
[endre | endre wikiteksten]- Agder statsadvokatembete: Agder politidistrikt
- Hedmark og Oppland statsadvokatembete: Hedmark politidistrikt, Vestoppland politidistrikt, Gudbrandsdal politidistrikt
- Hordaland statsadvokatembete: Hordaland politidistrikt
- Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane statsadvokatembete: Sogn og Fjordane politidistrikt, Sunnmøre politidistrikt, Nordmøre og Romsdal politidistrikt
- Nordland statsadvokatembete: Salten politidistrikt, Helgeland politidistrikt, Midtre Hålogaland politidistrikt
- Oslo statsadvokatembete: Oslo politidistrikt, Follo politidistrikt, Østfold politidistrikt, Romerike politidistrikt, Asker og Bærum politidistrikt, Søndre Buskerud politidistrikt, Nordre Buskerud politidistrikt
- Rogaland statsadvokatembete: Rogaland politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland politidistrikt
- Troms og Finnmark statsadvokatembete: Troms politidistrikt, Vestfinnmark politidistrikt, Østfinnmark politidistrikt, Sysselmannen på Svalbard
- Trøndelag statsadvokatembete: Sør-Trøndelag politidistrikt, Nord-Trøndelag politidistrikt
- Vestfold og Telemark statsadvokatembete: Vestfold politidistrikt, Telemark politidistrikt