Hopp til innhald

Kommutativitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kommutativitet i addisjon: 3 + 2 = 2 + 3.

Kommutativitet eller den kommutative lova er eit omgrep innan matematikk, særleg innan abstrakt algebra, som viser til at ein får same resultat sjølv om ein endrar rekkefølgja på operatorane. Ein binær operasjon er kommutativ dersom for alle a og b. For addisjon er rekneregelen a + b = b + a.

Moderne algebra har i stor grad drive med ikkje-kommutative system, til dømes der den kommutative lova ikkje gjeld for multiplikasjon. Slike system vert kalla anti-kommutative. I ei gruppe kalalr ein elementet c bestemt ved likninga a·b = c·b·a for kommutatoren til a og b.