Hopp til innhald

Kokarde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Modell av Napoleon med fransk trikolor-kokarde.

Ein kokarde er eit rundt eller ovalt merke som ein oftast finn på ein hatt eller andre hovudplagg. Kokardar har fargar med særleg symbolikk, typisk nasjonalfargar.

Opphavleg var kokardar sløyfer festa til hovudplagg, seinare blei dei laga av band i ein rosett. Kokarden var eit uniformselement frå 1600- og 1700-talet, og ein viste ein lojalitet eller tilhøyrsle med ein kokarde på hatten, på tøyet eller i håret. Det var særleg populært å bruke kokarder på 1700-talet, dels som militært, dels som nasjonalt symbol. Under den franske revolusjonen var det ei tid påbode å bruka revolusjonær trikolorkokarde. Med nasjonalstatane sitt frambrot blei det elles vanleg å nytte kokardar i fargane til flagget. Slike kokardar finn ein framleis som element i mange uniformer og i nokre andre samanhengar, som på norske russeluer og svenske studentluer.

Jakobinarhelten «Bonnie Prince Charlie» med kvit kokarde i hatten.

Kokardar på 1700-talet

[endre | endre wikiteksten]

For britiske jakobinarar var ein kvit kokarde eit viktig symbol, og skotske Robert Burns skreiv eit dikt kalla «The White Cockade».[1]

Plakat frå den franske revolusjonen som slår fast at ein ikkje får koma inn utan korrekt kokarde.

Under den franske revolusjonen blei kokardar i ulike fargar brukte til å markera tilhøyrsle:

  • Grøn kokarde var eit tidleg merke for dei som støtta revolusjonen, og symboliserte håp
  • Kvit kokarde blei brukt av den franske hæren og rojalistar
  • Svart kokarde var hovudsakleg brukt av aristokratar som var imot revolusjonen
  • Trikolorkokarde i raudt, kvitt og blått blei teken i bruk kort tid etter storminga av Bastillen. 17. juli 1789 godtok kong Ludvig XVI denne kokarden. 8. juli 1792 blei han påboden å bruka for menn. Ein har brukt trikolorkokarden mellom anna i militær samanheng og ved sidan.

Militær bruk

[endre | endre wikiteksten]
Kokardar brukte i den tyske hæren i 1918.

Kokardar blir framleis ein del brukt i militær samanheng, då på hovudplagg som er del av uniformer. I nokre høve er dei blitt endra frå merke av stoff til å vera laga av metall. Stiliserte kokardar blir også ofte brukt som nasjonalmerkemilitærfly. Det er derimot ikkje alle flymerke som liknar kokardar.

Utdanningssamanheng

[endre | endre wikiteksten]

Kokardar blir brukt i nokre tradisjonelle studentuniformer, som den nordiske studentlua og i uniforma ved den franske École polytechnique.

Oversyn over nasjonale kokardar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Simon Hill, «Bonnie Prince Charlie and the Jacobites» Arkivert 2011-07-17 ved Wayback Machine., Scottish History Online

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kokarde