Pave Klemens XI
Klemens XI | |||
| |||
Clemens PP. XI | |||
Dåpsnamn | Giovanni Francesco Albani | ||
---|---|---|---|
Fødd | 23. juli 1649 Urbino | ||
Død | 19. mars 1721 Roma | ||
Føregangar: | Innocens XII | ||
Etterfylgjar: | Innocens XIII |
Pave Klemens XI (fødd Giovanni Francesco Albani, 23. juli 1649–19. mars 1721) var pave frå 1700 til 1721. Han er best kjent for den pavelege bullen Unigenitus som gjekk ut mot viktige sider av den kyrkjelege situasjonen i Frankrike, og for at han greip inn i ritestriden i Kina der han forbaud dei fleste av dei omstridde tilpassingane til kinesiske skikkar som jesuittane hadde fått igjennom.
Tidleg liv
[endre | endre wikiteksten]Albani vart fødd i Urbino i ein adelsfamilie som opphavleg hadde frå det nordlege Albania på 1500-talet, og stamma frå soldatar under albanske prinsen Gjergj Kastriot Skanderbeg som kjempa mot Det osmanske riket. I løpet av pavetida hans vart verket Illyricum Sacrum, ei av dei viktigaste kjeldene innan albanologi, ferdigstilt.
Han var guvernør av Rieti and Urbino, og vart gjort til kardinal av pave Aleksander VIII, som han etterfølgde som pave den 23. november 1700.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Klemens XI» frå Wikipedia på bokmål, den 27. desember 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Rendina, Claudio (1983). I papi. Storia e segreti. Rome: Netwon & Compton, s. 586-588