John Franklin
John Franklin | |||
| |||
Fødd | 16. april 1786 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Spilsby | ||
Død | 11. juni 1847 | ||
Dødsstad | Qikiqtaq | ||
Rang | admiral | ||
Eining | Royal Navy |
John Franklin (16. april 1786–11. juni 1847) var ein britisk kontreadmiral og oppdagar. Han leidde fleire ekspedisjonar til dei nordlegaste delane av Nord-Amerika, særleg områda langs Nordvestpassasjen. Den siste av desse ekspedisjonane byrja i 1845 med eit stort mannskap ombord på krigsskipa HMS «Erebus» og HMS «Terror». Målet var å finna ein veg gjennom Nordvestpassasjen, men ekspedisjonen forsvann og det blei skipa mange leiteekspedisjoner etter han. Fyrst fleire år seinare fann ein ut at alle om bord hadde omkomme.
Franklin kartla nesten to tredelar av den nordlegaste kysten av Nord-Amerika. I tillegg var han guvernør på Tasmania.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Franklin var fødd i Spilsby i Lincolnshire. Han var eit av tolv barn i ein velståande handelsfamilie. Då han var fjorten år gammal gjekk han inn i den britiske marinen. Han deltok ved angrepet på Københavns red i 1801 og ved slaget ved Trafalgar i 1805, der han var ombord på HMS «Bellerophon». I 1818 var han kaptein på ein av båtane til David Buchan, som gjorde eit mislykka forsøk på å segla til Nordpolen frå Svalbard.
Franklin er blitt skildra som beskjeden, overvektig,[1] religiøs og svært sjarmerande,[2] og populær som leiar.[3][4] Han var delvis døv etter Slaget ved Trafalgar.[5]
1819-1822: Den første eigne ekspedisjonen til Franklin
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Coppermine-ekspedisjonen 1819-1822.
I 1819 blei Franklin sendt av det britiske admiralitetet for å utforska nordkysten av Canada. Planen var å ta seg fram over land til Coppermine-elva, følgja henne ned til kysten og så ta seg anten aust- eller vestover. Ekspedisjonen var dårleg planlagd, og var avhengig av å få forsyningar frå handelskompani undervegs. Franklin var også fysisk lite eigna til denne typen strabasar.
Etter ein hard tur gjennom villmarka nådde ekspedisjonen området rundt kjeldene til Coppermine sommaren 1820. Franklin bygde eit vinterkvarter der, Fort Enterprise, som omfatta eit par tømmerhytter. Sommaren 1821 fortsette dei ned Coppermine, og segla så 800 kilometer austover langs kysten i tre kanoar. Maten byrja å ta slutt, og 22. august byrja gruppa å gå over land tilbake til Fort Enterprise. Det var umogleg å skaffa proviant undervegs, og fleire døydde av svolt. Ein av deltakarane drap fire av dei andre, og åt delar av dei før han sjølv blei drepen. Alt i alt døydde elleve av tjue deltakarar, før ekspedisjonen blei redda av lokale innbyggjarar 7. november. For å overleva hadde deltakarane m.a. måtta eta reservestøvlane sine, og det blir påstått at fleire enn den tidlegare nemnde tydde til kannibalisme.[6]
Sjølv om ekspedisjonen hadde utvikla seg til ein katastrofe fordi Franklin pressa han for langt utan nødvendige forsyningar, blei han hylla som ein helt då han kom tilbake til England. Han fekk tilnamnet «mannen som åt støvlane sine», og blei forfremma til kommandør.[7]
1825-1827: Mackenzie-ekspedisjonen
[endre | endre wikiteksten]I 1823 gifta Franklin seg med diktaren Eleanor Porden. Dette var ikkje eit vellykka ekteskap.[8] Allereie i 1824 blei det oppdaga at ho hadde tuberkulose.
Den neste ekspedisjonen til Franklin gjekk ned Mackenzie-elva. Han hadde lært av den førre ekspedisjonen, og denne gongen var alt planlagt og førebudd på førehand. Proviant og forsyningar skulle skaffast direkte, utan å vera avhengig av handelskompania. Ekspedisjonen forlét England 16. februar 1825. Det var då klart at Eleanor var døyande, men ho overtalte mannen sin til å fortsetja.[9] Ho døydde seks dagar etter at han drog.
Reisa fram til utløpet av Mackenzie gjekk utan særlege problem, heilt ulikt den føre ekspedisjonen til Franklin. Deretter drog følgjet opp til Store Bjørnesjø, der han laga til eit vinterkvarter. Året etter segla ekspedisjonen på nytt ned Mackenzie, og ved utløpet delte han seg i ei gruppe som drog austover og ein vestover. Dette blei ein suksess, og ein stor del av nordkysten av Canada blei kartlagd. Franklin var nok ein vinter ved Store Bjørnesjø, og kom tilbake til England 1. september 1827.
Som løn for den vel gjennomførde ekspedisjonen blei Franklin adla i 1828 av kong George IV av Storbritannia. Same året gifta han seg med Jane Giffin (deretter omtalt offentleg som lady Franklin), ei venninne av den fyrste kona hans.
1836-1843: Guvernør på Tasmania
[endre | endre wikiteksten]Det var no ein viss stillstand i etterspurnaden frå admiralitetet etter Franklin som ekspedisjonsleiar, og han måtte finna noko anna å gjera.[10]
Han blei utnemnd til viseguvernør på Tasmania (Van Diemen's Land) i 1836, som då var ein straffekoloni. Dette var ikkje ein god periode for Franklin, sidan det liberale og vennlege vesenet hans ikkje passa til den harde straffekolonien.[11] I tillegg blei den aktive og intelligente Lady Franklin, som mellom anna prøvde å starta eit universitet, upopulær blant dei relativt snevre fruene i kolonien.[12] Noko som forverra situasjonen ytterlegare var at han kom i krangel med sekretæren sin, John Montagu. Montagu stod på god fot med kolonistane, men hadde ein tvilsam personlegdom.[13] Det enda med at Franklin sparka Montagu og sende han heim, men då Montagu kom til London fekk han overtalt Edward Smith-Stanley (som var koloniminister) om at Franklin var udugeleg. Stanley gav Franklin sparken som guvernør på ein svært ufin måte, Franklin las om avskjeden i avisa lenge før ho kom gjennom offisielle kanalar.
12. januar 1844 forlét ekteparet Franklin Tasmania.[14]
1845-: Franklin-ekspedisjonen til Nordvestpassasjen
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Franklins tapte ekspedisjon.
Det var framleis 500 km av Nordvestpassasjen som ikkje var utforska, og i 1845 sendte admiralitetet ut ein stor ekspedisjon som skulle kartleggja den siste delen. I tillegg skulle han utføra vitskaplege studiar av jordmagnetismen nær den magnetiske nordpolen.[15][16] Ekspedisjonen bestod av 129 mann fordelt på to sterke og veleigna bombarderfartøy, HMS «Terror» og HMS «Erebus». Begge var tidlegare blitt brukte av James Clark Ross i utforskinga av Antarktis. Franklin blei utpeikt som øvstkommanderande for heile ekspedisjonen, medan Francis Crozier blei kaptein på «Terror» og James Fitzjames på «Erebus».
Dei to skipa drog ut Themsen 19. mai 1845. Dei blei sist sett av andre europearar den 26. juli, ved innløpet til Nordvestpassasjen. Etter dette forsvann alle spor.
I 1848 blei admiralitetet tvinga til å senda ut tre ekspedisjonar for å finna Franklin og følgjet hans, men alle var mislykka. Etter dette mista det mykje av interessa, og sette i staden opp ei pengeløn for å få andre til å gjera jobben. Kona til Franklin, lady Jane Franklin, arbeidde iherdig for å få sendt ut fleire leiteparti. I slutten av august 1850 byrja ein endeleg å finna spor, på øya Beechey Island fann ein Franklin sitt vinterkvarter frå 1845, saman med gravene til tre av besetningsmedlemmene.
Det endelege gjennombrotet i etterforskinga kom i 1853, då John Rae drog over land til King William Island. Der fortalde inuittar at dei hadde møtt 40 europearar som hadde dratt ein lettbåt sørover vinteren 1849-1850, og som sidan hadde omkomme. Dei kvite hadde forklart med teiknspråk at båtane deira var blitt skrudd ned av isen. Seinare fann inuittane 35 av dei døde på fastlandet. Nokre av dei hadde tydd til kannibalisme i desperasjon.
I 1859 fann Francis Leopold McClintock restar etter Franklinekspedisjonen på vestkysten av King William Island. Desse omfatta tre lik og ein beskjed i ein varde. Denne fortalde at Franklin hadde døydd 11. juni 1847, og at dei overlevande hadde overgitt skipa 22. april 1848 og dratt sørover.
I 1852 blei Franklin posthumt forfremma til kontreadmiral.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Fleming side 126: «he was overweight and suffered from poor circulation»
- ↑ Fleming side 126: «Franklin's charm. Everyone who met him agreed that this was his outstanding characteristic – it was impossible not to like him.»
- ↑ Lambert side 40: «If other men equalled Franklin as a navigator none could match his leadership, or his power to inspire.»
- ↑ Lambert side 135: «Like many another who travelled under his leadership James Calder worshipped Franklin.»
- ↑ Lambert side 26: «Trafalgar left Franklin stunned and deafened. His hearing never fully recovered, and although impaired hearing was not unusual for a career naval officer, it proved to be a serious handicap when he moved into another profession.»
- ↑ Lambert side 33: «... some hastened into the next world by hungry comrades.»
- ↑ Fleming side 123: «He was popularly known as 'the man who ate his boots'. And he had too.»
- ↑ Fleming side 172: «The marriage had been a mistake from the start.»
- ↑ Fleming side 172: «It would be better for me that you were gone.»
- ↑ Fleming side 325-6: «He had nothing, in fact, but the ability to command ships and lead men. It was what he did best and there was no call for it.»
- ↑ Fleming side 339: «Here, at last, Franklin had managed to find people who disliked him. He was a sailor, not an administrator, and no matter how hard he worked he could not hide the fact.»
- ↑ Fleming side 339: «Their wives, too, found Lady Franklin overly blue-stocking for comfort. When she introduced the concept of educational 'conversaziones' they threw up their hands in horror.»
- ↑ Fleming side 363: «Montagu was a slithery character. After an inauspicious childhood, marked by 'a disregard for truthfulness which had for a time rendered his mother extremly anxious on his behalf'»
- ↑ Fleming side 365: «Franklin was desperate for work.»
- ↑ Lambert side 90: «Magnetic data gathering using the new Gauss-type instruments would be the primary purpose of the 1845 expedition.»
- ↑ Lambert side 142: «For all the prominence accorded to 'discovery' the size, equipment and timing of the Franklin expedition were driven by magnetic science. The element of discovery merely satisfied public curiosity»
- Denne artikkelen bygger på «John Franklin» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mai 2023.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Fleming, Fergus. Barrow's Boys. London: Granta Books, 1998. ISBN 1-86207-502-6
- Lambert, Andrew. Franklin, Tragic Hero of Polar Navigation. London: Faber and Faber Limited, 2009. ISBN 978-0-571-23160-7