Huesca
Huesca | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Motto «Porten til Pyreneane» | |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Spania | ||||
Autonom region | Aragón | ||||
Provins | Huesca | ||||
Grunnlagd | 1. hundreåret fvt. | ||||
Borgarmeister | Fernando Elboj Broto | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
161 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
51 117 317,5 /km² | ||||
Koordinatar | 42°08′N 0°25′W / 42.133°N 0.417°W | ||||
Høgd over havet | 488 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 22001 - 22006 | ||||
Telefon-retningsnummer | 974 | ||||
Nettstad: www.huescaturismo.com |
Huesca (aragonesisk Uesca førromersk iberisk Bolskan; latinsk Osca) er ein by nordaust i Spania i den autonome regionen Aragón. Han er òg hovudstad i provinsen med same namn. Byen har like over 50 000 innbyggjarar, nesten ein fjerdedel av innbyggjarane i provinsen. Han er ein av dei minste provinshovudstadane i Spania. Huesca feirar Fiestas de San Lorenzo, ein fest for Sankt Laurentius, frå 9. til 15. august.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det før-romerske iberiske namnet på Huesca var Bolskan. Han var hovudstaden til ilergetane nord i Hispania Tarraconensis, på vegen frå Tarraco (dagens Tarragona) og Ilerda (dagens Lleida) til Caesaraugusta (dagens Zaragoza)[1] og var underlagt Caesaraugusta. Plinius[2] plasserer Oscenses i Vescitania, eit distrikt som ikkje er nemnd andre stader.[3]. Bynamnet vart Osca og var ein romersk koloni, Urbs Victrix Osca, under Romarriket. Under Quintus Sertorius, ein romersk helt, gjorde Osca til basen sin og byen fekk prege sine eigne myntar. Her låg den prestisjefylte skulen grunnlagd av Sertorius for unge iberarar.
Den romaniserte byen med forum vart ein municipium etter eit skriv frå Augustus i år 30 f.kr.. Han vart kalla Wasqah då arabarane erobra området, og den forskansa byen var ein del av forsvaret mot grensa til dei kristne grevane og lokale kongane i Pyreneane. I 1094 bygde Sancho Ramirez Montearagón-borga i nærleiken for å leggje ei omleiring på Wasqah, men han døydde her av ei villfaren pil medan han undersøkte bymurane. Byen vart erobra i 1096 av Peter I av Aragon.
Under den spanske borgarkrigen (1936-39) var «Huescafronten» åstad for nokre av dei verste kampane mellom republikanarane og hæren til Franco. Byen vart omleira av republikanarane, men fall ikkje.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Huesca» frå Wikipedia på engelsk, den 30. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Antonine Itinerary s. 391, 451.
- ↑ iii. 3. s. 4.
- ↑ Plinius i den tredje boka av Naturalis Historia. Omsetjing på https://penelope.uchicago.edu/holland/pliny3.html.