Hafez al-Assad
Hafez al-Assad | |||
| |||
Fødd | 6. oktober 1930 Qardaha | ||
---|---|---|---|
Død | 10. juni 2000 (69 år) | ||
Statsborgar av | Syria | ||
Yrke | politikar, militær | ||
Utdanna ved | Homs Militærakademi Militærakademiet ved generalstaben for Russlands væpnede styrker | ||
Far | Ali Sulayman al-Assad | ||
Ektefelle | Anisa Makhlouf | ||
Barn | Bassel al-Assad, Bashar al-Assad, Buschra al-Assad, Mahir al-ʾAsad, Majd al-Assad | ||
Alle verv |
Hafez al-Assad (6. oktober 1930–10. juni 2000) var ein syrisk sosialistisk politikar. Han var president i Syria frå 1971 til han døydde i 2000.
Han høyrde til alawittane, ei grein av islam.
Statsleiar
[endre | endre wikiteksten]I 1963 tok Ba'athpartiet makta i Syria. Ba'athpartiet i Irak følgde etter i 1968. Assad hadde vore med på kuppet i 1963, men tok sjølv makta i eit nytt statskupp den 22. februar 1971. Han moderniserte og industrialiserte Syria, men var ein brutal diktator. Under Assad sitt styre vart tusenar personar avretta utan lov og dom. Han er òg blitt sett på som undertrykkande overfor sunnimuslimar.
Det mest kjende brotsverket Hafez al-Assad gjorde, var Hama-massakren i 1982. Hama vart sett på som eit knutepunkt for Det muslimske brorskapet. Difor vart minst 17,000 menneske drepen av regimet.
Utanrikspolitikk
[endre | endre wikiteksten]Under den kalde krigen var Syria Sovjetunionen sin viktigaste allierte i Midtausten. Regjeringstida bestod av brutale konfliktar med Israel. Den blodigaste konflikten var Seksdagarskrigen. Israel angreip då Syria og fleire andre arabarland. Syria mista Golanhøgdene. I 1973 starta Syria saman med Egypt under Anwar Sadat Yom Kippur-krigen for å ta tilbake områda som vart okkupert under Seksdagarskrigen. Dette vart støtta av dei fleste arabarlanda.
Ba'athparti-regimet i Syria var heile vegen – frå kuppet i Irak i 1968 til Irak-krigen i 2003 – nærmare fiendar. I 1980 starta Iran-Irak-krigen. Syria var dei einaste av arabarlanda med unntak av Libya som støtta Iran i krigen. Då Irak invaderte Kuwait i 1990, vart Syria med i den såkalla Golfkrigen som ville frigjere Kuwait.
Hafez al-Assad var tilhengar av pan-arabisme. I 1972 grunnla Syria, Libya og Egypt Den arabiske føderasjonen. Sjølv om det på papiret var ein einaste stat, var dei tre landa i realiteten sjølvstendige. I 1977 braut føderasjonen saman.
Han døydde den 10. juni 2000. Den neste presidenten var sonen hans, Bashar al-Assad.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |