Pave Celestin III
Pave Celestin III | |||
| |||
Caelestinus III | |||
Dåpsnamn | Giacinto Bobone | ||
---|---|---|---|
Fødd | 1106 Roma | ||
Død | 8. januar 1198 Roma | ||
Vald | 30. mars 1191 | ||
Innsett | 13. april 1191 | ||
Føregangar: | Klemens III | ||
Etterfylgjar: | Innocens III |
Pave Celestin III (1106–8. januar 1198) var pave frå mars/april 1191 til han døydde.
Celestin III var fødd inn i orsinifamilien, ein av de viktigaste italienske adelsfamiliane, som Giacinto Bobone. Den 30. mars 1191 blei han vald til pave, trass i at han berre var diakon. Han blei prestevigd den 30. mars 1191 og truleg bispevigd same dagen.
Dagen etter at han blei vald ril pave krona Celestin III den tysk-romerske keisaren Henrik VI. Seinare ekskommuniserte han den same keisaren for å halda Rikard Løvehjarte i fangenskap.
I 1192 bekrefta han statuttane til Den tyske ordenen.
Mot slutten ønskte Celestein å abdisere, men kardinalane aksepterte ikkje ønsket, og han blei verande pave til han døydde.
Pave Celestin døyde 8. januar 1198, ca. 92 år gammel. Han blei gravlagd i Laterankyrkja.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Celestin III» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2017.