Av utdanning er eg dr.art. med avhandlinga “Det reine språket. Purisme i dansk, svensk, færøysk og norsk” frå 2001 (litt kan lesast her: [1] og cand.philol. med hovudfagsoppgåva “Nasjonalisme som språkpolitisk ideologi. Om nynorsk, frisisk og færæysk målreising” frå 1994. Andre fag i fagkrinsen er historie mellomfag, sosialantropologi grunnfag og praktisk-pedagogisk utdanning. Doktorgraden og hovudfaget har eg frå Universitetet i Bergen, men elles har eg studert ved det som i dag heiter Høgskulen i Volda og ved Rijksuniversiteit Groningen.