Hopp til innhald

Brimin Kipruto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brimin Kipruto

Kipruto på Bislett stadion i 2011
Foto: C. Hill
Statsborgarskap Kenya
Fødd 31. juli 1985 (39 år)
Korkitony
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2010

Brimin Kiprop Kipruto (fødd 31. juli 1985) er ein kenyansk hinderløpar frå Keiyo-distriktet i det vestlege Kenya. Han vann VM-gull på 3000 meter hinder i 2007, og OL-gull i same øvinga året etter. 23. juli 2011 sette Kipruto personleg rekord i hinder med 7.53,64, eitt hundredels sekund bakom verdsrekorden.

Under OL 2004 deltok Kipruto på 3000 meter hinder og tok sølvmedaljen. Året etter fekk han bronsemedaljen i same øvinga då friidretts-VM 2005 fann stad i Helsinki.

Kipruto sprang seg så inn til gullmedalje i 3000 meter hinder under VM i friidrett 2007 i Osaka. Eitt år seinare viste han atter sine spesielle eigenskapar som hinderløpar ved å vinne hinder-gullet i Sommar-OL 2008 i Beijing. Ved Samveldeleikane 2010 kom han tredejplass.

I juli 2011 var Kipruto nær ved å forbetre verdsrekorden på 3000 m hinder då han vann eit stemne i Monaco på tida 7.53,64. Ein månad seinare fekk han sølvmedaljen på hinder under VM i friidrett 2011 i Daegu.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]