Hopp til innhald

Barakaldo

Koordinatar: 43°18′0″N 2°59′0″W / 43.30000°N 2.98333°W / 43.30000; -2.98333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barakaldo
Flagget til Barakaldo Byvåpenet til Barakaldo
Flagget til Barakaldo Byvåpenet til Barakaldo


Plassering
Barakaldo is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Baskarland
Provins Bizkaia
Grunnlagd 1051
Borgarmeister 97328
Geografi
Flatevidd
 - By

25,03 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

97 328
  3 888,5 /km²
Koordinatar 43°18′0″N 2°59′0″W / 43.30000°N 2.98333°W / 43.30000; -2.98333
Høgd over havet 39 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 48901-48903
Telefon-retningsnummer 94
Nettstad: www.barakaldo.org

Barakaldo er ein industriby i Baskarland i Spania. Han ligg i provinsen Bizkaia på venstrebreidda av Bilbao-estuaret. Barakaldo er ein del av storbyområdet til Bilbao og har opp under 100 000 innbyggjarar.

Djevelbrua over elva Kadagua mellom Barakaldo og Bilbao

Mot slutten av 1800-talet flytta menge arbeidarar til byen for å arbeide på jernverka og dynamittfabrikken, samstundes som Bilbao voks.

I nyare tid var Barakaldo seinare endepunkt for ein gruvejernbane og gruvedrift etter jern var ei stor næring i regionen på delar av 1800-talet og 1900-talet. Stålindustrien, ført an av Altos Hornos de Vizcaya, var særs viktig på 1900-talet, fram til den industrielle nedgangstida råka regionen hardt økonomisk i 1980-åra.

Nye kjøpesenter på begge sider av motorvegen A-8. Ein kan sjå BEC i bakgrunnen.

Barakaldo har lukka den siste fabrikken sin og ser seg no om etter måtar å kome ut av nedgangstida på. Tidlegare industriområde vert ombygd til bustadområde, parkar og kjøpesenter. Eit stort ustillingssenter (BEC, Bilbao Exhibition Centre) vart nyleg bygd i utkanten av byen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Barakaldo