Hopp til innhald

Askeslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Askeslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Oliventrefamilien Oleaceae
Slekt: Askeslekta Fraxinus
L., 1753

Askeslekta (Fraxinus) er ei planteslekt i oliventrefamilien med om lag 60 artar. Dei veks naturleg i tempererte og subtropiske område på den nordlege halvkula.

Artane i askeslekta er størstedelen tre, slik som ask, og meir sjeldsynt buskar. Dei er oftast lauvfellande, meir sjeldsynt vintergrøne. Blada er parstilte, motsette eller kransstilte.

Utvalde artar

[endre | endre wikiteksten]

Ein art veks naturleg i Noreg, Fraxinus excelsior, ask. Det er berre denne og eit par andre artar som har eit normert norsk namn ifølge Artsdatabanken.[1] I lista nedanfor er det teke med engelske namn i tillegg til dei vitskaplege for ein del andre artar.

Austlege Nord-Amerika
Vestlege og sørvestre Nord-Amerika
Vestlege Palearktis (Europa, Nord-Afrika og sørvest-Asia)
Austlege Palearktis (sentral- og aust-Asia)

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Artsdatabanken: Namnetre askeslekta». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2023. 
  2. «Species Records of Fraxinus». Germplasm Resources Information Network. United States Department of Agriculture. Henta 22. februar 2010. 
  3. «Fraxinus L.». ITIS Standard Reports. Integrated Taxonomic Information System. Henta 22. februar 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Askeslekta