Hopp til innhald

Ape

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Apekatt)
Ape
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Euarchontoglires
Orden: Primatar Primates
Underorden: Ape Haplorhini
Pocock, 1918

Aper eller apar (Haplorrhini) høyrer til primatane. Dei finst opphavleg i tropisk og subtropisk klima over heile verda (unnateke Madagaskar, der halvapene er dei einaste primatane). Gruppa omfattar òg mennesket, som i løpet av dei siste 100 000 år har spreidd seg til resten av klimasonena.

Spøkelsesapene har tidlegare vore rekna til halvapene, men er søstergruppa til resten av apene. Denne resten vert gjerne samanfatta som ekte aper (breinaseaper eller vestaper, menneskeaper og smalnaseaper eller dyreaper.)

Apene har til felles mellom anna at synet har teke over for luktesansen som den viktigaste sans. Morfologisk gir dette seg utslag i (a) tørre nasar (i motsetnad til halvaper og andre pattedyr, som har fuktige nasar) og (b) forholdsvis tettsitjande og framoverretta auge (som gir mindre synsfelt, men tredimensjonalt syn). Vidare er overleppa bevegeleg og ikkje todelt, men lukka.

Dei ekte apene har mellom anna til felles at livmora er enkel (ikkje lenger delt i to «armar») og at talet patter er redusert til to.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ape
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Haplorrhini
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.