Altsjevsk
Altsjevsk | |||
Алчевськ | |||
by | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Luhansk oblast | ||
Høgd | 211 moh. | ||
Koordinatar | 48°28′0″N 38°48′0″E / 48.46667°N 38.80000°E | ||
Areal | 55 km² | ||
Folketal | 116 000 (2006) | ||
Folketettleik | 2 109 / km² | ||
Grunnlagd | 1895 | ||
Borgarmeister | Vladimir Tsjub | ||
Postnummer | 94200 | ||
Retningsnummer | +380 6442 | ||
Altsjevsk 48°28′02″N 38°47′54″E / 48.467222222222°N 38.798333333333°E | |||
Kart som viser Altsjevsk.
| |||
Wikimedia Commons: Alchevsk | |||
Nettstad: https://www.al.lg.ua/ |
Altsjevsk (ukrainsk Алчевськ, russisk Алчевск) er ein by i Luhansk oblast (provins) aust i Ukraina. Han er ei eiga administrativ eining og ligg kring 45 km frå provinshovudstaden Luhansk og like ved Perevalsk. Byen har kring 120 000 innbyggjarar (2004). Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Luhansk.
Altsjevsk er eit av dei store industrisentra i Donbas og ein fjerdedel av all produksjon i oblastet skjer her. Hovudnæringa i byen er OJSC "Altsjevsk jern- og stålverk" og "Altsjevsk koks-kjemiske verk".
Byen vart kalla Vorosjylovsk (ukrainsk Ворошиловськ) frå 1931 til 1961 og så Komunarsk (ukrainsk Комунарськ) fram til 1991.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Altsjevsk vart grunnlagd i 1895 då det vart oppretta eit jernverk og ein jernbanestasjon her kalla Juryjivka. I 1903 vart han kalla Altsjevsk til ære for ein lokal russisk oligark som døydde like før.
22. januar 2006 braut fjernvarmesystemet i byen nesten heilt saman etter at ei undergrunnsleidning sprakk i det uvanlege kalde vêret (nesten -40 ºC). Som følgje av dette frøys og sprakk varmeutstyret i dei fleste bygnignane i Altsjevsk, og kring 60 000 innbyggjarar hadde berre elektriske omnar til hjelp. Eit par dagar seinare fraus kloakksystemet til på grunn av mangel på varmt vatn. Dei ukrainske styresmaktene måtte inn og hjelpe innbyggjarane i Altsjevsk frå å fryse og mange innbyggjarar vart evakuerte til varmare delar av Ukraina. I følgje guvernøren i Luhansk oblast var dette den verste menneskeskapte katastrofen i historia til det sjølvstendige Ukraina.