Hopp til innhald

Æser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Æsene)
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Æser».
OdinSleipne saman med andre vesen på Tangelgardasteinen.

Æsene, eintal ås (norrønt áss, æsir) var gudeslekta dei fleste av dei norrøne gudane høyrde til. Åsgard fekk namn etter dei. Gudinnene mellom æsene vart kalla åsynjer. Dyrking av æsene kallar me åsatru.

Odin var konge over æsene, men Tor var truleg den som var mest dyrka av folket. Det finst mange spanande og morosame forteljingar om Tor, medan Odin gjerne vert skildra i dikt som ein forkledd vandringsmann som sit på eller søker kunnskap.

Æsene laut slåst med vanene, som var ei anna gruppe gudar. Dette kan minna om kampen til dei olympiske gudane mot titanane i gresk mytologi. Dei to gudetradisjonane har òg mange andre likskapar.