Hopp til innhald

Zhuang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zhuang
Klassifisering Tai-kadai-språk
 Kam-tai-språk
  Be-tai-språk
   Tai-sek-språk
    Tai-språk
     Nordleg
      Zhuang
Bruk
Tala i  Folkerepublikken Kina
Språkkodar
ISO 639-1 za
ISO 639-2 zha
ISO 639-3 zha – zhuang
ccxnordzhuang
ccysørzhuang
Wikipedia på zhuang

Zhuang er eit tai-kadai-språk som vert tala av zhuangfolk i regionane Guangxi og Lianshan i Folkerepublikken Kina av til saman rundt 14 000 000 menneske. Zhuang, som er eit tai-språk, og dermed i slekt med språk som thai og laotisk, er offisielt språk i begge desse regionane. Standardisert zhuang er basert på dialekten vert brukt i Wumeng fylke. Zhuang dannar eit dialektkontinuum med buyei.

Tonespråk

[endre | endre wikiteksten]

Zhuang er eit tonespråk med seks tonar i opne stavingar.

Nummer Kontur Skildring
1 24 Stigande
2 31 Lågt fallande
3 55 Høgt nivå
4 42 Fallande
5 35 Høgt stigande
6 33 Midtnivå

Språket har to tonar (høg og låg) i lukka stavingar.

Skriftsystem

[endre | endre wikiteksten]

I over tusen år vart zhuang skrive med logogram kalla sawndip, som vart lånt frå kinesisk skrift. I 1957 vart ein versjon av det latinske alfabetet med nokre spesialbokstavar teke i bruk for det nye, standardiserte zhuangspråket. Ei rettskrivingsreform i 1986 erstatta spesialbokstavane med vanlege bokstavar for å gjere det lettare å trykka tekstar på zhuang, og å bruke språket på datamaskinar.

Tabellane under samanliknar stavinga før og etter reforma i 1986.

Konsonantar
1957 1986 1957 1986 1957 1986 1957 1986 1957 1986
B b B b Ƃ ƃ Mb mb M m M m F f F f V V
D d D d Ƌ ƌ Nd nd N n N n S s S s L l L l
G g G g Gv gv Gv gv Ŋ ŋ Ng ng H h H h R r R r
C c C c Y y Y y Nv ny Ny ny Ŋv ŋv Ngv ngv
By by By by Gy gy Gy gy My my My my
Vokaler
1957 1986 1957 1986 1957 1986
A a A a E e E e Ə ə AE ae
I i I i O o O o Ɯ ɯ W w
Tonar
Tone 1957 1986
1 Ikkje oppgjeve
2 Ƨ ƨ Z z
3 З з J j
4 Ч ч X x
5 Ƽ ƽ Q q
6 Ƅ ƅ H h

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Wéi Qìngwěn 韦庆稳(黄现璠的学生), Tán Guóshēng 覃国生: Zhuàngyǔ jiǎnzhì 壮语简志 (Beijing, Mínzú chūbǎnshè 民族出版社 1980).
  • Huang Xian Fan 黄现璠:Zhuang heile historie 壮族通史(Nanning, Guǎngxī mínzú chūbǎnshè 广西民族出版社 1988,ISBN 7-5363-0422-6/K-13.)
  • Tán Xiǎoháng 覃晓航: Xiàndài Zhuàngyǔ 现代壮语 (Beijing, Mínzú chūbǎnshè 民族出版社 1995).
  • Tán Guóshēng 覃国生: Zhuàngyǔ fāngyán gàilùn 壮语方言概论 (Nanning, Guǎngxī mínzú chūbǎnshè 广西民族出版社 1996).
  • Liáng Tíngwàng 梁庭望 (ed.): Gǔ Zhuàngzì wénxiàn xuǎnzhù 古壮字文献选注 (Tiānjīn gǔjí chūbǎnshè 天津古籍出版社 1992).
  • Zhāng Yuánshēng 张元生: Zhuàngzú rénmín de wénhuà yíchǎn – fāngkuài Zhuàngzì 壮族人民的文化遗产——方块壮字. In: Zhōngguó mínzú gǔ wénzì yánjiū 中国民族古文字研究 (Beijing, Zhōngguó shèhuì kēxué chūbǎnshè 中国社会科学出版社 1984).
  • Lín Fāng 林方: Tán lìyòng gǔ Zhuàngzì yánjiū Guǎngxī Yuèyǔ fāngyán 谈利用古壮字研究广西粤语方言. In: Mínzú yǔwén 民族语文 2004.3:16–26.
  • Gǔ Zhuàngzì zìdiǎn 古壮字字典 (Nanning, Guǎngxī mínzú chūbǎnshè 广西民族出版社 1989). Ordbok med gamle zhuang-tegn; inneheld 4 900 teikn og meir enn 10 000 variantar.
  • Zhuàng-Hàn cíhuì 壮汉词汇 (Nanning, Guǎngxī mínzú chūbǎnshè广西民族出版社 1984).