Manchester Parish
Manchester | |||
fylke | |||
Land | Jamaica | ||
---|---|---|---|
Region | Middlesex | ||
Hovudstad | Mandeville | ||
Areal | 830 km² | ||
Folketal | 189 797 (2011) | ||
Manchester Parish 18°03′00″N 77°32′00″W / 18.05°N 77.533333333333°W | |||
Kart som viser Manchester Parish.
|
Manchester Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg sør på øya. Det grensar til Clarendon Parish i aust, Trelawny i nord og Saint Elizabeth i vest. I sør har det kyst mot Det karibiske havet.
Administrasjonssenteret i fylket er byen Mandeville, den einaste fylkeshovudstaden som ikkje ligg ved kysten eller ei større elv. Andre større busetnader er Christiana, Porus og Williamsfield.
Fylket er fjellendt, og Mandeville på 626 moh. har historisk vore rekna som ein helsebringande stad å vitja. Til forskjell frå andre jordbruksområde i landet blir det ikkje driven storstilt sukkerproduksjon her, men ein dyker avlingar som banan, potet, ingefær, pimento, kaffi og sitrusfrukter. Manchester er særleg kjend for appelsiner og ortanique, sistnemnde er ei kryssing mellom appelsin og tangerin (mandarin).[2]
Kjende folk frå Manchester
- Donovan Bailey, olympisk sprintar
- Annastasia Baker, jamaikansk-britisk songar og låtskrivar av gospel, R&B og soul
- Kemoy Campbell, langdistanseløpar
- Nesta Carter, friidrettsutøvar
- Alexander Worthy Clerk, moravisk misjonær til Gullkysten, noverande Ghana
- Ce' Cile, musikar
- Charmaine Crooks, olympisk friidrettsutøvar
- Ijahman Levi, reggaemusikar
- Norman Manley (d. 1969), ein av dei sju jamaikanske nasjonalheltane
- Winston McAnuff, reggaemusikar
- Lovel Palmer, fotballspelar
- Sheryl Lee Ralph, songar og skodespelar
- Garnett Silk, reggaemusikar
- Sherone Simpson, friidrettsutøvar
- Elaine Thompson, friidrettsutøvar
- Christopher Williams, friidrettsutøvar
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 1,2 https://statinja.gov.jm/Demo_SocialStats/PopulationStats.aspx.
- ↑ «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 10. mai 2018.