Klippe
Klippe er ei fjellside eller berggrunn, ofte med bratte eller nær loddrette sider. Dei kan stikka opp frå havet eller langs elvar.
Dei kan bli danna gjennom erosjon, forvitring, eller ved forkastingar i grunnen. Ofte er klippene danna av bergartar som motstår nedbryting, som basalt eller granitt, eller dei kan vera ein bergart der enden stadig blir broten ned, som sandstein, kalk, krit eller dolomitt. Ein finn ofte klipper ved havet eller langs elvar.
Klipper kan vera bustad for fuglar, som ofte dannar fuglefjell her. Dei er så godt som uframkomelege for andre dyr, og er dermed trygge hekkeplassar for fuglane.
Menneske kan driva med aktivitetar som fjellklatring og basehopping på klipper.
Ordsoge
Ordet «klippe» kjem frå lågtysk gjennom dansk og bokmål.[1] Det gammalhøgtyske ordet er kleb og gammalislandsk er klif, som nederlandsk klif og engelsk cliff.[2] Desse kan koma frå eit romansk lånord i tidlege germanske språk med opphav i dei latinske formene clivus, clevus ('skråning' eller 'fjellside').[3][4] Klint er eit dansk ord med liknande innhald.
Kjende klipper
Store klipper
Sidan klipper ikkje treng vera heilt loddrette, ligg ikkje definisjonen av kva som er klipper og ikkje heilt fast. Derfor kan det vera vanskeleg å lista opp klipper og finna den største.
Guinness rekordbok reknar den 1 010 m høge Kalaupapa på Hawaii som verdas høgaste klippe.[6] Ein annan kandidat er nordsida av Mitre Peak på New Zealand, med eit fall på 1 683 m ned i Milford Sound.[7] Den gjennomsnittlege skråninga på Kaulapapa-klippene er rundt 1,7, tilsvarande 60 gradar, og Mitre Peak har ei liknande helling. Eit meir loddrett fall ned i sjøen finn ein på Maujit Qaqarssuasia på Grønland (også kalla 'Thumbnail'), som ligg i Torssukátak-fjordområdet ved spissen av Sør-Grønland. Klippa fell nesten loddrett 1560 m ned.[8]
Kanskje den høgaste fjellside i verda er sørsida av Nanga Parbat i pakistansk Himalaya, Rupal Face, som går 4 600 m opp frå bakken. Great Trango i Karakoram i ein annan del av Pakistan er ein annan kandidat, med ei nesten loddrett side på 1 340 m. Om ein legg til den bratte tilkomsten til den loddrette delen er fallet frå toppen av austsida ned til Dunge-breen nesten 2 000 m.
Thor-toppen på Baffin-øya i arktisk Canada er ofte rekna for å ha det største fallet til jorda i verda, 1 250 m.[9] Andre klippeveggar på Baffinøya, som Polar Sun Spire i Sam Ford-fjorden, eller andre klipper i delar av Grønland kan vera høgar.
Den høgaste klippa i solsystemet kan vera Verona Rupes, ei rundt 20 km høg forkastingsklippe på uranusmånen Miranda.
Klipper i kulturen
Klipper kan ha ei viktig kulturell tyding. Gresk mytologi fortel om Symplegadane, to klipper på kvar side av eit sund (ofte identifisert med Bosporos) som kunne lukka seg og knusa skip som prøvde å sigla gjennom dei.[10] Jason og argonautane klarte å passera dei, og enda då den farlege stenginga.
Den tarpeiske klippa i Roma var ein utstikkar av Kapitol som blei brukt til å styrta dødsdømde frå. Klippa hadde namn etter Tarpeia, som forrådde borgen til sabinarane.[11]
Meir generelt kan ein bruka ord som klippe eller berg om Gud eller trua, noko ein finn døme på i Bibelen og i mange salmar.[12] Nokre salmedøme er «Klippe, du som brast for meg», «La huset bli bygget på Ordets klippegrunn» og «Jesus lever, graven brast».
Klipper kan også vera nasjonale symbol. Mest kjent i Norden er kanskje Møns Klint på øya Møn i Danmark, mens Stevns Klint er referansepunkt i dansk historie for eit større sjøslag. Kalkklippene er ofte svært bratte etter tallause ras i havet/elva som eroderer på fjellfoten. Møns Klint er ca. seks km lang og er opp til 143 meter høg.
Dei kvite klippene ved Dover som ein møter ved ei vanleg innsegling til England er eit kjent symbol på landet.
Cliffs of Moher eller Moher-klippene på Irland er blitt eit kjent turistmål i landet, og har vore bakgrunn i ei rekkje filmar, som The Princess Bride, Harry Potter and the Half-Blood Prince (2009),[13] og Leap Year (2010).
Liste
Under følgjer ei liste av nokre av klippene i verda.
Asia
Over havet
- Ra's Sajir i Oman, 900 m over Arabiahavet
- Tojinbo i Sakai i Fukui prefektur i Japan, 25 m over Japansjøen
- Qingshuiklippa i Xiulin i Hualien på Taiwan, gjennomsnittleg 800 m over Stillehavet. Den høgaste toppen, Qingshuifjellet, stig 2408 m opp frå havet.
- Theoprosopon, mellom Chekka og Selaata i Nord-Libanon, stikk ut i Middelhavet.
Over land
- Nanga Parbat, Rupal Face, i Azad Kashmir i Pakistan, 4600 m
- Ultar Sar, sørvestsida, Karakoram i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 3000 m
- Trango Towers: Austsida av Great Trango Tower i Baltoro Muztagh i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 1340 m (nær loddrett), 2100 m (svært bratt fall frå austtoppen til Dungebreen).
- Uli Biaho, Baltorobreen i Gilgit–Baltistan i Pakistan
- Baintha Brakk i Panmah Muztagh i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 2000 m
- Latok-gruppa i Panmah Muztagh i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 1800 m
- Spantik, nordvestsida, Karakoram i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 2000 m
- Shispare Sar sørvestsida, Karakoram i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 3200 m
- Hunzatoppen, sørsida, i Karakoram i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 1700 m
- Lhotse, sørsida, i Mahalangur Himal i Nepal, 3200 m
- Lhotse, nordaustsida, i Mahalangur Himal i Nepal, 2900m
- K2, vestsida, Karakoram i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 2900m
- Merutoppen, Uttarakhand i India, 1200 m
- Ramon-krateret i Israel, 400 m
- World's End ved Horton Plains i Nuwara Eliya på Sri Lanka. Ho har eit fall på 1200 m.
Europa
Over havet
- Hornelen i Noreg, 860 m over Frøysjøen
- Kapp Enniberg på Færøyane, 750 m over Atlanterhavet
- Croaghaun, Achilløya på Irland, 688 m over Atlanterhavet
- Hvanndalabjarg, Ólafsfjörður på Island, 630 m over Atlanterhavet
- Kjerag i Noreg, 984 m over Lysefjorden
- Vixía Herbeira, Nord-Galicia i Spania, 621 m over Atlanterhavet
- Preikestolen, Noreg, 604 m over Lysefjorden
- Slieve League, Irland, 601 m over Atlanterhavet
- Cabo Girão, Madeira i Portugal, 589 m over Atlanterhavet
- Monte Solaro, Capri i Italia, 589 m over Middelhavet
- Jaizkibel, Spania, 547 over Biscaybukta
- Beinisvørð, Færøyane, 470 m over Atlanterhavet
- Conachair, St Kilda i Skottland 427 m over Atlanterhavet
- Cap Canaille, France, 394 m over Middelhavet, den høgaste sjøklippa i Frankrike
- Hangmanklippene, Devon, 318 m over Bristolkanalen, den høgaste sjøklippa i England
- Benwee Head-klippene, Erris i Co. Mayo på Irland, 304 m over Atlanterhavet
- Dingli Cliffs, Malta, 250 m over Middelhavet
- High Cliff, mellom Boscastle og St Gennys, 223 m over Det keltiske havet[14]
- Cliffs of Moher, Irland, 217 m over Atlanterhavet
- Beachy Head, England, 162 m over Den engelske kanalen
- Møns Klint, Danmark, 143 m over Austersjøen
- Le Tréport, Frankrike, 110 m over Den engelske kanalen
- Dei kvite klippene i Dover, England, 100 m over Doversundet
- Étretat, Frankrike, 84 m over Den engelske kanalen
- Slangeøya i Svartehavet, Ukraina, 41 m over Svartehavet
Over land
- Trollveggen i Noreg, 1100 m over bakken
- Mięguszowiecki Szczyt, nordsida stig 1043 m over Morskie Oko-sjøen i Høgre Tatra i Polen
- Giewont (north face), Tatrafjella i Polen, 852 m over Polana Strążyska
- Dei fire store nordsidene i Alpane: Cima Grande di Lavaredo 450 m, Eiger 1500 m, Grandes Jorasses 1100 m, Matterhorn 1350 m, Petit Dru 1000 m og Piz Badile 850 m)
Nord-Amerika
Fleire store fjellsider av granitt i Arktis er blitt lagde fram som det høgaste stupet på jorda, men nøyaktige målingar finst ikkje for alle. Dei moglege kandidatane med tilnærma tal er:
- Thor-toppen på Baffinøya i Canada; totalt 1370 m; dei øvste 480 m er overhengjande.
- Nordsida av Polar Sun Spire i Sam Ford-fjorden på Baffinøya, 1300 meter over den frosne fjorden, men dei lågare delane av fjellsida er ikkje heilt loddrette.[15]
- Vestsida til Ketil og nabojellet Ulamertorsuaq i Tasermiut på Grønland skal vera over 1000 m høge.[16][17][18] Ei anna relevant klippe på Grønland er Agdlerussakasit si «Thumbnail»-klippe.[19]
Andre kjende klipper er:
- Mount Asgard på Baffinøya i Canada; loddrett fall på rundt 1200 m.
- El Capitan i Yosemitedalen i California i USA; 900 m (3,000 ft)
- Toroweap/Tuweep) i Grand Canyon i Arizona i USA; 900 m
- Painted Wall i Black Canyon of the Gunnison National Park i Colorado i USA; 685 m
- Nordvestsida Half Dome, nær El Capitan; 1,444 m
- Vestsida av Notch Peak i House Range sørvest i Utah i USA; eit loddrett stup på rundt 670 m
- Austsida av West Temple i Zion natsjonalpark i Utah, rekna som den høgaste sandsteinklippa i verda,[20] 670 m
- Alle sider av Devils Tower i Wyoming i USA, 195 m
- Sider av Shiprock, New Mexico i USA, 400 m
- Cap Éternité ved Saguenayelva i Quebec i Canada, 4500 m
- Nordsida av North Twin Peak, Rocky Mountains i Alberta i Canada, 1200 m
- Alle sider av Stawamus Chief, Squamish i British Columbia i Canada, opptil 500 m
- Calvert Cliffs ved Chesapeake Bay i Maryland i USA, 25 m
- Mount Siyeh, nordsida, Glacier nasjonalpark i USA, 1270 m
- Longs Peak Diamond, Rocky Mountain nasjonalpark i Colorado, 400 m
- Royal Gorge, Colorado, 350 m
- Doublet Peak, sørvestsida, Wind River Range i Wyoming, 370 m
- Big Sandy Mountain, austsida, Wind River Range i Wyoming, 550 m
- Temple Peak, austsida, Wind River-fjella i Wyoming, 400 m
- East Temple Peak, nordsida, Wind River-fjella i Wyoming, 450 m
- Uncompahgre Peak, nordaustsida, San Juan Range i Colorado, 275 m
- Grand Teton, nordsida, Teton Range i Wyoming 760 m
Sør-Amerika
- Pared Sur Cerro Aconcagua. Las Heras i Mendoza i Argentina, 2700 m
- Pedra Riscada, São José do Divino/MG i Minas Gerais i Brasil, 1480 m
- Auyan Tepui, Venezuela, rundt 1000 m (Angelfossen, det høgaste fossefallet i verda, renn her)
- Pared de Gocta, Peru, 771 m
- Pedra Azul, Pedra Azul delstatspark i Espirito Santo i Brasil, 540 m
- Pão de Açúcar/Sukkertoppen i Rio de Janeiro i Brasil, 395 m
- Alle sidene av Cerro Torre, Patagonia i Chile-Argentina
- Alle sidene av Cerro Chalten (Fitz Roy), Patagonia i Argentina-Chile, 1200 m
- Fjellsider i Torres del Paine-gruppa, Patagonia i Chile, opptil 900 m
Afrika
Over havet
- Kogelberg, Western Cape i Sør-Afrika, 1 289 m (4 229 ft) over False Bay i Atlanterhavet
- Table Mountain, Cape Town i Western Cape i Sør-Afrika, 1086 m over Atlanterhavet
- Karbonkelberg, Cape Town i Western Cape i Sør-Afrika, 653 m over Hout Bay i Atlanterhavet
- Los Gigantes, Tenerife på Kanariøyane i Spania, 637 m over Atlanterhavet
- Chapman's Peak, Western Cape i Sør-Afrika, 596 m over Atlanterhavet
- Anaga's Cliffs, Tenerife på Kanariøyane i Spania, 592 m over Atlanterhavet
- Cape Hangklip, Western Cape i Sør-Afrika, 453 m over False Bay i Atlanterhavet
- Cape Point, Western Cape i Sør-Afrika, 249 m over Atlanterhavet
Over land
- Drakensberg Amphitheatre i Sør-Afrika, 1200 m over bakken, 5 km langt. The Tugela Falls, the world's second tallest waterfall, falls 948 m (3 110 ft) over the edge of the cliff face.
- Mount Meru i Tanzania, Caldera Cliffs, 1 500 m (4 900 ft)
- Tsaranoro på Madagaskar, 700 m over bakken
- Karambony på Madagaskar, 380 m over bakken
- Ei rekkje fjell i Drakensberg i Sør-Afrika.
Oseania
Over havet
- Mitre Peak på New Zealand, 1683 m over Milford Sound
- The Lion på New Zealand, 1302 m over Milford Sound
- The Elephant på New Zealand, ca. 1180 m over Milford Sound
- Kalaupapa på Hawaii, 1010 m over Stillehavet
- Great Australian Bight
- Zuytdorp Cliffs i Western Australia
- Ball's Pyramid, ein staur i havet på 562 m
- The Twelve Apostles i Victoria. Ei gruppe staurar i Australia på mellom 50 og 70 m over Bass-sundet
- Tasman National Park, Tasmania, 300 m høge dolerittsøyler
- Lovers Leap, Highcliff og The Chasm, på Otagohalvøya på New Zealand, alle 200–300 m over Stillehavet
Over land
- Mount Banks i Blue Mountains National Park i New South Wales i Australia
Kjelder
- ↑ «klippe» i Nynorskordboka.
- ↑ «cliff, n.». OED Online. Oxford University Press. 2017.
- ↑ Monika Buchmüller-Pfaff (1991), «Namen im Grenzland - Methoden, Aspekte und Zielsetzung in der Erforschung der lothringisch-saarländischen Toponomastik», Francia (Francia-Online: Institut historique allemand de Paris - Deutsches Historisches Institut Paris), arkivert frå originalen 29. januar 2015
- ↑ Max Pfister: Altromanische Relikte in der östlichen und südlichen Galloromania, in den rheinischen Mundarten, im Alpenraum und in Oberitalien. In : Sieglinde Heinz, Ulrich Wandruszka [red.]: Fakten und Theorien : Beitr. zur roman. u. allg. Sprachwiss.; Festschr. für Helmut Stimm zum 65. Geburtstag, Tübingen 1982, s. 219–230, ISBN 3-87808-936-8
- ↑ «Natural world: the solar system: highest cliffs». Guinness World Records. Arkivert frå originalen 21. mai 2006. Henta 16. november 2014.
- ↑ «Highest Cliffs». Guinness World Records. Arkivert frå originalen 27. november 2005. Henta 2. mai 2006.
- ↑ The Encyclopedia of Tourism and Recreation in Marine Environments By Michael Lück. Arkivert frå originalen den 6. desember 2017. Henta 1. august 2009.
- ↑ «Planet Fear». Arkivert frå originalen 26. mars 2012. Henta 4. august 2009.
- ↑ «Mount Thor -The Greatest Vertical Drop on Earth!». The Daily Galaxy. March 9, 2010. Henta 21. august 2014.
- ↑ Mæhlum, Lars (4. desember 2010). «Symplegadene». Store norske leksikon.
- ↑ «Tarpeiske klippe». Store norske leksikon. 29. september 2016.
- ↑ Til dømes i Salmane:
- «Salmenes bok 62:3». Bibelen 2011. «Bare han er min klippe og min frelse / og mitt vern, jeg skal ikke vakle.» (nynorskomsetjinga bruker «berg»);
- «Femte Mosebok 32:15». Bibelen 2011. «Jesjurun ble fet og spente bakut; / du ble fet og tykk og stinn. / Han forkastet Gud, som hadde skapt ham, / og viste forakt for sin frelsende klippe.» Nynorsk bruker «frelsesfjellet».
- ↑ «Weekend Window: The Cliffs of Moher». ABC News. 7 June 2009. Henta 1 August 2012.
- ↑ «Home - South West Coast Path». southwestcoastpath.com. Arkivert frå originalen 11. juni 2011.
- ↑ «Polar Sun Spire». SummitPost.Org. Arkivert frå originalen den 2. desember 2008. Henta 31. juli 2008.
- ↑ «Climbing in Tasermiut». bigwall.dk. Arkivert frå originalen den 5. desember 2008. Henta 2. september 2008.
- ↑ «The American Alpine Journal» (PDF). 1986. Arkivert frå originalen (PDF) October 28, 2008. Henta 2. september 2008.
- ↑ The Summer 1998 Slovak Expedition to Greenland (Jamesák International), arkivert frå originalen 4. mars 2016
- ↑ Jon Roberts: Agdlerussakasit (1750 m), east face, new route on east face; The Butler (900 m) and Mark (900 m), first ascents. American Alpine Journal (AAJ) 2004, pp. 266–267
- ↑ «Geology Fieldnotes». National Park Service. Arkivert frå originalen den 22. mai 2013. Henta 28. november 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Cliff» frå Wikipedia på engelsk, den 9. desember 2017.