Hopp til innhald

Beda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 21. mai 2020 kl. 20:36 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Setter på parenteser)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Beda

Føddca. 672
FødestadNorthumbria
Daud25. mai 735
DødsstadJarrow
Yrkehagiograf, lyrikar, kirkehistoriker, omsetjar, teolog, skribent, bibelomsetjar, historikar, salmediktar, munk
Helgendag25. mai
VernehelgenHistorikarar, arkeologar
SymbolEldre mann som studerer bøker, ofte med fjørpenn og linjal
HelgenkåraDe facto innan 740, formelt av pave Leo XIII den 13. november 1899
Helgen iDen katolske kyrkja, den ortodokse kyrkja, den anglikanske kyrkja, lutheranisme

Beda (kring 67226. mai 735), kjend som Beda den ærverdige (latin Beda venerabilis, engelsk Venerable Bede), var ein angelsaksisk munk og forfattar. Han blir ofte kalla far til den engelske historieskrivinga, men skreiv også salmar og teologiske og vitskaplege verk. Det best kjende verket hans er Historia ecclesiastica gentis Anglorum, ei viktig kjelde til angelsaksisk historie.

Beda virka ved dei tilknytte klostera i Monkwearmouth og Jarrow (Monkwearmouth–Jarrow Abbey) i kongeriket Northumbria, no ved Sunderland. I Historia skriv han at han var fødd «på klosteret sitt land», som ein reknar med er dette klosteret. Som sjuåring blei han send til Monkwearmouth-klosteret der han blei utdanna av Benedict Biscop og seinare av Ceolfrith. Han blei diakon då han var 19 og prest då han var 30. Han budde resten av livet sitt ved klosteret, med nokre korte vitjingar til andre kloster. Livet hans var prega av bøn, klosterliv og studiar.

Beda døydde på Kristi himmelferdsdag den 26 mai 735. Læresveinen hans Cuthbert skreiv ein omtale av døden hans og nokre ord om Beda. Mellom anna gjev han att eit dikt som er blitt kjend som «Bede's Death Song», eit gammalengelsk dikt på fem linjer som Beda kan ha forfatta.

I mellomalderen var Beda særleg kjend for dei teologiske verka sine, som bibelkommentarar og forklaringar. Det var særleg dette arbeidet som gjorde han viktig innan kyrkja og førte til at han blei helgenkåra. I tillegg til å kunna latin lærte han seg også gresk og prøvde å læra seg hebraisk for å kunna utføra det teologiske arbeidet.

De natura rerum, 1529

De temporibus ('Om tid') frå rundt 703 gjev ei forklaring på påskeformelen[1] som bygde på Isidor av Sevilla sin Etymologiae og ei tidsline over verda som bygde på Eusebius og Bibelen.[2] Han skreiv eit lengre verk om same tema, De temporum ratione ('Om tidsrekning'), som var viktig gjennom mellomalderen.[3] Her forklarer han antikke og mellomalderske syn på kosmos. Her forklarer han korleis ei sfærisk jord påverkar dagslengda, korleis rørslene til sola og månen påverkar korleis nymånen ser ut i skumringa, og tilhøvet mellom tidvatn og dei daglege rørslene til månen.[4]

I tillegg til instruksjonar for å rekna ut kva tid påsken fell, fortalde Beda korleis ein kunne finna tida for påskefullmånen, rørslene til sola og månen gjennom dyrekrinsen og mange andre kalenderutrekningar. Han fortel også om dei angelsaksiske månadane, noko som seinare er blitt ei viktig historisk kjelde.[5]

Som del av kalenderarbeidet sitt rekna Beda ut ein ny dato for den bibelske skapinga av verda, som han fastsette til 3952 f.Kr. For nyskapingane sine i utrekninga blei han skulda for kjetteri, noko han tilbakeviste.[6]

I tillegg til astronomi og tidsrekning skreiv Beda De natura rerum ('Om tinga sin natur'), inspirert av Isidor av Sevilla sitt verk av same namn.[7]

Ettermæle

[endre | endre wikiteksten]

Beda er gravlagd i Durham domkyrkje. Han er rekna som helgen i den katolske kyrkja, den anglikanske kyrkja og har ei høg stilling i fleire lutheranske kyrkjer. I 1899 blei han utnemnd til kyrkjelærar av pave Leo XIII.

  1. Brown 1987, s. 37
  2. Campbell 2004
  3. Brown 1987, s. 38–41
  4. Bede 2004, s. 82–85, 307–312
  5. Bede 2004, s. 53–4, 285–7; see also [1]
  6. Bede 2004, s. xxx, 405–415
  7. Brown 1987, s. 36


Primærkjelder

[endre | endre wikiteksten]
Opera Bedae Venerabilis, 1563
Bede (c. 860). «St. Gallen Stiftsbibliothek Cod. Sang. 254. Jerome, Commentary on the Old Testament book of Isaiah. Includes the most authentic version of the Old English "Death Song" by the Venerable Bede». Europeana Regia. Henta 5 June 2013. 
Bede (1896). Plummer, C, red. 'Hist. eccl. · Venerabilis Baedae opera historica'. 2 vols. 
Bede (1969). Colgrave, Bertram; Mynors, R. A. B., red. Bede's Ecclesiastical History of the English People. Oxford: Clarendon Press. ISBN 0-19-822202-5.  (Parallel Latin text and English translation with English notes.)
Bede (1991). D. H. Farmer, red. Ecclesiastical History of the English People. Sett om av Leo Sherley-Price. Revised by R. E. Latham. London: Penguin. ISBN 0-14-044565-X. 
Bede (1994). McClure, Judith; Collins, Roger, red. The Ecclesiastical History of the English People. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-283866-0. 
Bede (1943). Jones, C. W., red. Bedae Opera de Temporibus. Cambridge, MA: Mediaeval Academy of America. 
Bede (2004). Bede: The Reckoning of Time. Sett om av Wallis, Faith. Liverpool: Liverpool University Press. ISBN 0-85323-693-3. 
Bede (2011). On the Song of Songs and selected writings. The Classics of Western Spirituality. Sett om av Holder, Arthur G. New York: Paulist Press. ISBN 0-8091-4700-9.  (contains translations of On the Song of Songs, Homilies on the Gospels and selections from the Ecclesiastical history of the English people).
The Anglo-Saxon Chronicle. Sett om av Swanton, Michael James. New York: Routledge. 1998. ISBN 0-415-92129-5. 

Sekundærkjelder

[endre | endre wikiteksten]
Abels, Richard (1983). «The Council of Whitby: A Study in Early Anglo-Saxon Politics». Journal of British Studies 23 (1): 1–25. JSTOR 175617. doi:10.1086/385808. 
Behr, Charlotte (2000). «The Origins of Kingship in Early Medieval Kent». Early Medieval Europe 9 (1): 25–52. doi:10.1111/1468-0254.00058. 
Blair, Peter Hunter (1990). The World of Bede (Reprint of 1970 utg.). Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 0-521-39819-3. 
Brooks, Nicholas (2006). «From British to English Christianity: Deconstructing Bede's Interpretation of the Conversion». I Howe, Nicholas; Karkov, Catherine. Conversion and Colonization in Anglo-Saxon England. Tempe, AZ: Arizona Center for Medieval and Renaissance Studies. s. 1–30. ISBN 0-86698-363-5. 
Brown, George Hardin (1987). Bede, the Venerable. Boston: Twayne. ISBN 0-8057-6940-4. 
Brown, George Hardin (1999). «Royal and Ecclesiastical rivalries in Bede's History». Renascence 51 (1): 19–33. 
Campbell, J. (2004). «Bede (673/4–735)». Oxford Dictionary of National Biography (revised May 2008 utg.). Oxford University Press. (krev abonnement (help)). 
Cannon, John; Griffiths, Ralph (1997). The Oxford Illustrated History of the British Monarchy. Oxford University Press. ISBN 0-19-822786-8. 
Chadwick, Henry (1995). «Theodore, the English Church, and the Monothelete Controversy». I Lapidge, Michael. Archbishop Theodore. Cambridge Studies in Anglo-Saxon England #11. Cambridge, UK: Cambridge University Press. s. 88–95. ISBN 0-521-48077-9. 
Colgrave, Bertram; Mynors, R. A. B. (1969). «Introduction». Bede's Ecclesiastical History of the English People. Oxford: Clarendon Press. ISBN 0-19-822202-5. 
Dorey, T. A. (1966). Latin Historians. London: Routledge & Kegan Paul. 
Farmer, David Hugh (1978). The Oxford Dictionary of Saints. Oxford, UK: Oxford University Press. ISBN 0-19-282038-9. 
Farmer, David Hugh (2004). The Oxford Dictionary of Saints (Fifth utg.). Oxford, UK: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-860949-0. 
Fleming, Robin (2011). Britain after Rome: The Fall and the Rise, 400 to 1070. London: Penguin Books. ISBN 978-0-14-014823-7. 
Goffart, Walter A. (1988). The Narrators of Barbarian History (A. D. 550–800): Jordanes, Gregory of Tours, Bede, and Paul the Deacon. Princeton, N.J.: Princeton University Press. ISBN 0-691-05514-9. 
Higham, N. J. (2006). (Re-)Reading Bede: The Historia Ecclesiastica in Context. Routledge. ISBN 978-0-415-35368-7. 
Lapidge, Michael (2005). «Poeticism in Pre-Conquest Anglo-Latin Prose». I Reinhardt, Tobias et al. Aspects of the Language of Latin Prose. Oxford, UK: Oxford University Press. ISBN 0-19-726332-1. 
Loyn, H. R. (1962). Anglo-Saxon England and the Norman Conquest. Longman. ISBN 0-582-48232-1. 
McCready, William D. (1994). Miracles and the Venerable Bede: Studies and Texts. Pontifical Institute of Mediaeval Studies #118. Toronto: Pontifical Institute of Mediaeval Studies. ISBN 0-88844-118-5. 
Mayr-Harting, Henry (1991). The Coming of Christianity to Anglo-Saxon England. University Park, PA: Pennsylvania State University Press. ISBN 0-271-00769-9. 
Meyvaert, Paul (1996). «Bede, Cassiodorus, and the Codex Amiatinus». Speculum (Medieval Academy of America) 71 (4): 827–883. JSTOR 2865722. doi:10.2307/2865722. 
Obermair, Hannes (2010). «Novit iustus animas. Ein Bozner Blatt aus Bedas Kommentar der Sprüche Salomos» (PDF). Concilium medii aevi (Edition Ruprecht) 31: 45–57. ISSN 1437-904X. 
Opland, Jeff (1980). Anglo-Saxon Oral Poetry: A Study of the Traditions. New Haven and London: Yale U.P. ISBN 0-300-02426-6. 
Ray, Roger (2001). «Bede». I Lapidge, Michael; et al. Blackwell Encyclopedia of Anglo-Saxon England. Malden, MA: Blackwell. s. 57–59. ISBN 978-0-631-22492-1. 
Stenton, F. M. (1971). Anglo-Saxon England (Third utg.). Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-280139-5. 
Thacker, Alan (1998). «Memorializing Gregory the Great: The Origin and Transmission of a Papal Cult in the 7th and early 8th centuries». Early Medieval Europe 7 (1): 59–84. doi:10.1111/1468-0254.00018. 
Thompson, A. Hamilton (1969). Bede: His Life, Times and Writings: Essays in Commemoration of the Twelfth Century of his Death. Oxford: Oxford University Press. 
Tyler, Damian (April 2007). «Reluctant Kings and Christian Conversion in Seventh-Century England». History 92 (306): 144–161. doi:10.1111/j.1468-229X.2007.00389.x. 
Wallace-Hadrill, J. M. (1988). Bede's Ecclesiastical History of the English People: A Historical Commentary. Oxford Medieval Texts. Oxford: Clarendon Press. ISBN 0-19-822269-6. 
Ward, Benedicta (1990). The Venerable Bede. Harrisburg, PA: Morehouse Publishing. ISBN 0-8192-1494-9. 
= (2001). «Bede the Theologian». I Evans, G. R. The Medieval Theologians: An Introduction to Theology in the Medieval Period. Malden, MA: Blackwell Publishing. s. 57–64. ISBN 978-0-631-21203-4. 
Wormald, Patrick (1999). The Making of English Law: King Alfred to the Twelfth Century. Oxford: Blackwell. ISBN 0-631-13496-4. 
Wright, J. Robert (2008). A Companion to Bede: A Reader's Commentary on The Ecclesiastical History of the English People. Grand Rapids, MI: Eerdmans. ISBN 978-0-8028-6309-6. 
Yorke, Barbara (2006). The Conversion of Britain: Religion, Politics and Society in Britain c. 600–800. London: Pearson/Longman. ISBN 0-582-77292-3. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]