Presens er ei form verb kan ha. Alle norske verb kan bli bøygde i notid og fortid. Presens er forma verb har, når dei er bøygde i notid. Det vil si at det er noko som skjer no.
Eksempel:
- Morten er sjuk
- Hunden bjeffar
- Line køyrer lastebilen
Eit verb i presens seier noko om notid, men ikkje kor lenge det varer. Det kan vere
- noko som går over fleire år: Marius jobbar som brannmann.
- noko som alltid har vore sånn: Kvalen er eit pattedyr.
- noko som skjer ofte: Eg et pannekaker kvar fredag.
- noko som skjer i framtida: Ha det, ser deg i morgon!
Historisk presens er å skrive om fortida, som om det skjer no. Til dømes ved å skrive om ein fotballkamp: Det norske laget får nytt mot, når Carew skårar.
Ein hugseregel for presens er at ein kan setje no framfor verbet når det er bøygt i presens: No snakkar eg.