Korrupsjon er å gi eller ta imot bestikkingar, for å få noko ein ikkje har krav på. Ei bestikking kan vere pengar, gåver eller tenester. Det er ulovleg å gi, tilby og å ta imot bestikkingar.
Døme på korrupsjon:
- Ein som jobbar i kommunen, gir nokon lov til å byggje eit hus på ein stad det ikkje er lov, mot at dei får pengar.
- Ein som stiller til val, betaler andre for å røyste på seg, eller betaler dei som tel røystene for å telje feil. Dette blir òg kalla valfusk.
- Éin som har gjort noko ulovleg, betaler nokon i politiet for å sleppe ei bot eller å bli meldt til politiet.
- Ein politikar tek imot gåver, i byte mot å røyste på ein bestemd måte i nasjonalforsamlinga.
- Ein lærar tek imot ei gåve frå foreldre, i byte mot å gje barnet deira betre karakter.
Korrupsjon er urettferdig og kan skade demokratiet. Samanlikna med andre land er det lite korrupsjon i Noreg og Norden.